Norges Fjordhestlag (NFL), Landslaget for Dølahest (LD) og Landslaget for nordlandshest/lyngshest (LNL) er medlemsorganisasjonar som arbeider for å fremje avl og bruk av dei bevaringsverdige hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest.
NFL, LD og LNL har sidan 2015 arrangert felles Haustmøte annakvart år. Haustmøtet er eit seminar ope for medlemmar av organisasjonane der ein tek opp ulike tema som er relevant for eigarar, oppdrettarar og brukarar av dei bevaringsverdige, norske hesterasane. Døme på tema som har stått på dagsorden på tidlegare Haustmøter er avl i små populasjonar, fôring, sjukdom/helse og organisasjonsutvikling.
I tillegg til å vere ein arena for kompetanseheving, er Haustmøtet også eit viktig sosialt samlingspunkt på tvers av organisasjonane. Det er også svært nyttig for tillitsvalde i organisasjonane å møte medlemmane og kunne få tilbakemelding på aktuelle saker som organisasjonen arbeider med.
På grunn av at organisasjonane sine medlemmar er busett over heile landet, og at ein er avhengig av overnattingsfasilitetar, må Haustmøtet leggast til eit konferansesenter/-hotell, fortrinnsvis i nærleiken av ein flyplass. Haustmøtet samlar vanlegvis 70-90 deltakarar frå dei tre organisasjonane, inkludert tillitsvalde. Kvar enkelt deltakar betalar sjølv for reise og opphald.
Vi ynskjer å samle enno fleire av organisasjonane sine medlemmar til Haustmøtet i 2025. Seminaret vil auke kompetansen til eigarar, brukarar og oppdrettarar av fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest, og i tillegg er det miljøskapande på tvers av organisasjonane.