I perioden 2020 – 2023 gjennomførte NLR Nordvest i samarbeid med NLR Nord-Norge gjødslingsforsøk i eng der biogjødsel (det utrotna substratet frå biogassreaktoren) produsert på ei substratblanding av storfegjødsel og oppdrettsslam (ei blanding av fôrrestar og feces) frå smoltproduksjon, vart samanlikna med husdyrgjødsel og mineralgjødsel.
Det vart gjennomført eit treårig gjødslingsforsøk i eng der målsettinga var å samanlikne gjødslingseffekten av husdyrgjødsel og biogjødsel. Det vart registrert avling og kjemisk innhald i avlinga.
- Det vart ikkje registrert statistiske avlingsskilnader mellom ledda med husdyrgjødsel og biogjødsel. Men biogjødsel inneheldt høgare innhald av plantetilgjengeleg nitrogen, slik at mengda tilført mineralgjødsel vart lågare i leddet med biogjødsel. Ein anna observasjon var at delen plantetilgjengeleg nitrogen i forhold til totalnitrogen var høgare i biogjødsla.
Det vart og teke ut prøvar av substrat og biogjødsel for å kartlegge m.a. innhald av nitrogen og næringssalt, tungmetall og aktuelle patogenar.
- Innhaldet av totalnitrogen var lågare i biogjødsla enn i substratet. Innhaldet av NH4-N var høgare i biogjødsla enn i substratet. Innhaldet av næringssalt var jamt over høgare i biogjødsel enn i substratet. Det vart ikkje registrert målbare nivå av aktuelle patogenar verken i substrat eller biogjødsel.
Det vart teke ut leddvise jordprøvar ved avslutning av gjødslingsforsøka for å sjå om der kunne observerast endringar i tungmetallet sink i jorda i ledd gjødsla med biogjødsel kontra ledd gjødsla med husdyrgjødsel.
- Det var høgare innhald av tungmetall i jorda i ledda gjødsla med husdyrgjødsel enn i ledda gjødsla med biogjødsel.
Det vart teke ut grasprøvar for analyse av tungmetall i første og siste forsøksår, for å registrere om der kunne observerast endringar i tungmetallinnhaldet i avlinga i ledd gjødsla med biogjødsel kontra ledd gjødsla med husdyrgjødsel.
- Det vart ikkje registrert skilnader i innhald av tungmetall i grasprøvane mellom ledd gjødsla med husdyrgjødsel eller biogjødsel ved avslutning av prosjektperioden.
Det vart gjennomført avvatningsforsøk med biogjødsla, med sikte på å registrere korleis nitrogen, næringssalt og tungmetall fordelte seg i tørr og våt fraksjon. To merker av skrupresser vart nytta.
- Dei to separatorane gav noko ulik avvatningsgrad, om lag 3% ts i våtfraksjonen i den eine (separator A) og om lag 4% ts i den andre (separator B). Forholdet mellom våtfraksjon og tørrfraksjon vart derfor ulik, med 73,5 / 26,5 i separator A og 85 / 15 i separator B. Fordelinga av nitrogen, næringssalt og tungmetall mellom våt og tørrfraksjonane vart likevel ganske lik mellom dei to separatorane. Utslaga var i stor grad som forventa. NH4-N følgjer våtfraksjonen. Makrominerala unnateke kalium følgjer i stor grad tørrfraksjonen. Kalium fordelte seg ganske likt mellom tørr og våtfraksjon. For makrominerala var verdiane analysert som kg pr tonn. Mikrominerala kopar, mangan og sink følgde i stor grad våtfraksjonen. Her var måleeininga mg pr kg Ts
(Resultatrapporten er lagra under Prosjektfakta).