Prosjektfakta 

Prosjektnummer163372
Prosjektleder Mekjell Meland
ProsjekteierNIBIO
Samarbeidspartnere 
Prosjektperiode 2022
OrdningKlima- og miljøprogrammet
ProsjekttypeProsjekt
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
InnvilgetKr. 500 000,-
Resultatrapport Avsluttet
Prosjektbeskrivelse

Føremålet med dette prosjektet er å greia ut om potensialet for dyrking av dei nye vokstrane borddruer, fersken, nektarin, og aprikos for å auka dyrkinga av eit større mangfald av hagebruksvokstrar og større utval til marknaden av norske produsert frukt.

Klimaendringar gjer at nye vekstslag som vert dyrka lenger sør i Europa kan verta introdusert og dyrka kommersielt i dei klimatisk beste fruktdyrkingsområda i Noreg. Dyrking av nye vokstrar i eit varmare klima gjev fleire utfordringar som må granskast. Tidlegare fruktblomstring og aukar risikoen for frost under fruktblomstringa kan gje redusert fruktsetjing og dermed avling. Tilsvarande vil store nedbørsmengder særleg om hausten gje utfordingar. Å ha strategiar for å avgrensa risikoen ved ekstreme vêrperiodar i vekstsesongen ved å dyrka nye vokstrar er difor viktig.

Kunnskap skal hentast inn frå vitskapleg litteratur og frå nabolanda som er i same klimasone som Sør- Noreg, samt spørjeundersøkingar hjå dyrkarar og. Resultata skal publiserast i ein NIBIO rapport og fagbladet Norsk Frukt og Bær og innehalda praktiske tilrådingar om dyrking av nye hagebruksvekstrar i eit endra klima.

Resultater fra prosjektet

Prosjektarbeidet er tufta på litteraturanalysar, spørjeundersøking hjå dyrkarar og forskarar og informasjon frå vitjingar til dyrkarar og forskingsinstitutt i Noreg, Sverige, Latvia og Litauen.

På grunnlag av desse kjeldene kan ein slå fast at vindruer og aprikoser kan dyrkast i området med det beste lokalklimaet i Noreg. Men borddruer, fersken og nektariner er meir kravfulle å dyrka. Aktuelle sortar av desse artene er vurderte som egnar seg  til kommersiell dyrking eller utvida prøving i sortsforsøk.

Les meir om resultatene her:

NIBIO-rapport nr 32/2023 – Introduction of new fruit crops to Norway

Norsk Frukt og Bær April 2023 - Nye fruktvekstrar