Prosjektfakta 

Prosjektnummer 
Prosjektleder Mekjell Meland
ProsjekteierNIBIO Ullensvang
SamarbeidspartnereFaculty of Agriculture,
University of Belgrade, Serbia
Prosjektperiode 2021 - 2022
OrdningKlima- og miljøprogrammet
ProsjekttypeProsjekt
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
InnvilgetKr. 1 000 000
Resultatrapport Avsluttet
Prosjektbeskrivelse

Vekst og utvikling av epletre vert påverka av klimaendringar. Føremålet med denne granskinga er å sjå på samanhengen mellom klima og fenologiske parametra på vekst og utvikling hjå eplesortar i Noreg med sikte på årvisse og store avlingar.

Det overordna målet er auka produksjon og forbruk av norskproduserte eple med høg fruktkvalitet. Ved Nibio Ullensvang er det dei siste 30 åra registert fenologiske data (tidspunkt for knoppsprett, blomstring og lauvfall) for dei viktigaste handelssortane i eple. I tillegg er det gjennomført tilvekstmålingar på fruktene gjennom vekstsesongen av dei same sortane. Klimadata er tilgjengeleg frå verstajonen ved NIBIO Ullensvang, ein stasjon som har målingar tilbake til 1865. Samanhengar mellom klima og ulike utviklingstadium som knoppsprett, blomstring frukttilveks og lauvfall skal granskast. Terskelverdiar skal definerastfor å oppnå  god vekst og utvikling av eplesortar og identifisera framtidige konsekvensar av eit endra klima på praktisk epledyrking. 

Målgruppa for dette prosjektet er heile næringskjeda for frukt. Det omfattar dyrkarar, rettleiarar, omsetningsledd, forbrukarar og styremakter.

Resultata vil bli formidla til fruktnæringa gjennom framlegging på fagmøte, gjennom informasjon formidla til  landbruksrettleiinga og publisering i NIBIO, rapport og vitskaplege tidskrift.

 

Resultater fra prosjektet

Den kommersielle fruktproduksjonen i Noreg er avgrensa til heller små område i fjordstrøka på Vestlandet og kring innsjøar og nær sjøen i Sør-Aust Noreg i dei beste klimatiske områda. På grunn av klimaendringar dei siste ti-åra, er det forventa at områda som er egna for epleproduksjon vil verta utvida til nye område som tidlegare hadde for låg temperatur. Denne analysen vurderer varmetrongen for tidlegare, noverande og framtidig dyrking av seks kommersielle eplesortar i Sør-Noreg  (Discovery, Gravenstein, Summerred, Aroma, Rubinstep, og Elstar rangiert etter tidleg til seint haustetidspunkt).  Metoden som er nytta for å identifisera egna dyrkingsklima, var bruk av meteorologiske og fenologiske observasjonar frå frukthagen til NIBIO Ullensvang for å laga eit rutenett med temperatur observasjonar og klimaprosjektering.

Denne vurderinga indikerer at med aukande temperatur, aukar området med egna varmekrav som er høveleg for dyrking av alle seks eplesortane. Områda som har egna klima for dei sortane som har minst varmekrav og modnar tidlegast har tredobla seg i areal dei siste 60 åra. I perioden frå 2011-2020 har 15 % av det undersøkte arealet høveleg klima for å dyrka minst ein sort som modnar tidleg, medan 2,5 % av arealet er egna til å dyrka alle seks sortane. I framtida vil egna område auka frå sør og søraust og nordover, i innlandet på Austlandet og langs fjordstrøka på Vestlandet mot høgare breiddegrader. Dei minst varmekrevjande sortane har større utbreiingsområdet enn dei seint mognade sortane. Denne analysen viser eit aukande potensiale for dyrking av eple i Noreg. Ver-relaterte risikoar som skade av låg temperatur, turke eller store nedbørsmengder er ikkje vurderte.

Les mer om resultater fra prosjektet her:

Meland, M. 2023. Vekst og utvikling av eplesortar. NFB 26(4) 18

Mekjell Meland, Mirjam Vujadinović Mandić , Ana Vuković Vimić  and Milica Fotirić Akšić 2023. Assessments of current and future suitability of heat conditions for apple cultivars growing in Norway. NIBIO Report

Vuković Vimić ,A., M. Vujadinović Mandić, Milica Fotirić Aksic and Mekjell Meland. 2023. Climate potential for apple growing in Norway - Part 1. Zoning of areas with heat conditions favourable for apple growing under observed climate change.

Vujadinović Mandić, M., Vuković Vimić ,A., Milica Fotirić Aksic and Mekjell Meland. 2023. Climate potential for apple growing in Norway - Part 2. Assesments of suitability of heat conditions under future climate change.