Hovudoppgåva i dette prosjektet var å dokumentere fruktkvalitet og kjemisk innhald i økologisk dyrka frukt. Samla vart frukter frå 12 økologisk dyrka eplesortar analyserte for konsentrasjonen av ulike mineral, ulike sukker og sukker alkoholar, organiske syrer, fenol profilar, det totale fenol innhaldet og antioksidant kapasiteten frå tre lokalitetar Ullensvang, Telemark og Viken.
Eplesorten Discovery Rosette frå Telemark hadde det høgaste mineralinnhaldet (24 mg/kg turrvekt). Sukkerartene glukose, fruktose, sukrose og sukkeralkoholen sorbitol var dei viktigaste karbohydrata. Dei dominerande organiske syrene var eplesyre og kininsyre. Discovery frå Ullensvang hadde det høgaste totale fenolinnhaldet og antioksidant kapasiteten. Av dei ulike polyfenolane som vart bestemte, var klorogensyre og kaempferol-3-O-glukosid dei mest dominerande og utgjorde 85 %. Uavhengig av veksestad hadde Discovery i middel det høgaste sukker og polyfenol innhaldet.
Dette samla resultatet viser at norsk økologisk dyrka eplesortar er ei rik kjelde med gunstige kjemiske innhaldstoff som har ein positiv verknad på folkehelsa.
Tilsvarande vart sju økologisk dyrka plommesortar analyserte for dei same innhaldstoffa som for eplesortane frå to lokalitetar, Ullensvang og Telemark. Dei viktigaste minerala som vart funne i fruktene var P, K og Ca. Dei viktigaste sukkerartene var glukose, fruktose, sukrose og sukkeralkoholen sorbitol som samla utgjorde 97 % av alle sukkerartene. Dei viktigaste fruktsyrene var kinin- og eplesyre medan dei viktigaste fenolane var klorogensyre, rutin og kaempferol-3-O-glukosid. Fruktene frå plommesortane frå Ullensvang hadde høgare innhald av mineral, sukkerarter, organiske syrer, det totale fenol innhaldet (TFC) og antioksidant innhaldet (RSA) medan Telemark- plommene hadde høgare innhald av dei samla fenolane. Sorten Mallard hadde det høgaste mineral- og RSA aktiviteten, Opal dei søtaste fruktene, Jubileum plommene høgaste syreinhald, ‘Excalibur’ høgaste TPC innhaldet og Valor det største innhaldet av fenolar og særskildt klorogensyre.
Desse resultata gjev god oversikt på dei kjemiske profilane av dei ulike plommesortane. Resultata viser at dei økologisk dyrka plommesortane innheld ei rik kjelde av gunstige komponentar som er positive for folkehelsa.
Kunnskapen frå prosjektet er formidla som internasjonale publikasjonar og i det norske fagtidskriftet Norsk Frukt og Bær.
Les meir her:
Innhaldsstoff hjå fruktene hjå økologisk dyrka eplesortar. Norsk Frukt og Bær 3(27), Meland, M og M. Fotiric Aksic 2024.
Fruit Quality Attributes of Organically Grown Norwegian Apples Are Affected by Cultivar and Location. Natic, M.; Dabic Zagorac, D.; Jakanovski, M.; Smailagic, A.; Colic, S.; Meland, M.; Fotiric Akšic, M. . Plants 2024, 13, 147