Verdikjeda for økologisk korn har mange barrierar, m.a. skildra i «Utredning av hvordan norsk produksjon av økologisk korn og kraftfôrråvare kan økes» (Landbruksdirektoratet, 2023). Samstundes som det økologiske kornarealet er redusert seinare år og nærmar seg ein kritisk verdi på areal, volum og økologiske kornprodusentar, er det komme fleire uroande signal i 2024/2025. T. d. redusert meirpris, innføring av eigne stadstrekk og fraktillegg knytt til økologiske kornleveransar. Vidare låg/fråverande lønsemd utover i verdikjeda, opp mot logistikk, kvalitetssortering og kornslag for å handtere det økologiske kornet i den store kornstraumen kornmottakskapasitet generelt, samt at det berre er ein kraftfôrprodusent på norsk økologisk råvarer. Dette til trass for at det er eit betydeleg marknadsrom for økologisk korn, som no vert dekka av importert mat- og fôrkorn. Ut frå kjente barrierar, reiser prosjektet hypotesen: «Verdikjeda for Økologisk korn er på veg mot kollaps, dersom aktive tiltak ikkje vert iverksett for å få opp produksjonen».
Formålet er å identifisere tiltak som kan snu utviklinga, slik at ei meir robust verdikjede frå produsent til industri kan utviklast, med økt areal og volum som resultat. Viktigaste tiltaka er å kartlegge eksisterande kunnskap, spørjeundersøking blant økologiske kornprodusentar, djupintervju med økologiske kornprodusentar, samt samtaler med ulike nøkkelpersonar i verdikjeda. Ut frå dette vil det vere drøfting og analyse, som samanfattast i realitetsorienterte tiltak for å få ei fungerande, robust og framtidsretta verdikjede for økologisk kornproduksjon. Dermed er forventa resultat å presentere tiltak, moglegheiter og forutsetningar for å få ei fungerande verdikjede for økologisk korn, som slik vil bidra at mål om å dekke etterspurnaden i marknaden og 10 % økologisk jordbruksareal innan 2032 kan verte nådd, jamfør Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2025–2032 (Landbruks- og matdepartementet, 2025). Målgruppe inkluderer bønder, forvaltning, politikarar, faglag, rådgivinga, næringsaktørar, interesseorganisasjonar, FOU- og forskingsinstitusjonar og Nasjonal ressursgruppe for økologisk jordbruk