Reglane for kva investeringar i skogen som kan dekkjast med skogfond er regulerte i forskrift om skogfond o.a. § 11. Langt det meste av midlane går til ulike skogkulturtiltak og nybygging og ombygging av skogsvegar.

Investeringar som blir dekte med skogfond, skal vere utførte på ein fagleg, økonomisk og økologisk forsvarleg måte, jf. skogfondsforskriftas § 4, tredje ledd.