Jordleigeprisar
Her finn du resultat frå jordleigeundersøkinga 2026 med tilhøyrande jordleigeprisar.
Jordleigeundersøkinga 2026
Tabellen under viser årets gjennomsnittlege jordleigeprisar på landsbasis for ulike utleigeføremål og endring frå 2025-tala. Tala er basert på innrapporterte gjennomsnittsprisar frå kommunane, som så er vekta med kommunanes leigde jordbruksareal. Dei må lesast med dette atterhaldet.
Her kan du lese meir om jordleigeundersøkinga 2026
| Kr/daa | 2025 | Endring siste år |
|---|---|---|
| Grasdyrking | 272 | 3 |
| Korndyrking | 406 | 6 |
| Potetdyrking | 712 | 14 |
| Grønsaker/bær | 885 | 17 |
| Innmarksbeite | 71 | -2 |
| Utmarksbeite | 14 | 0 |
Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år
Gjennomsnittsprisane på jordleige i Noreg i 2026 har i hovudsak halde seg stabile, men også auka i nokre produksjonar samanlikna med 2025. Prisane på leige av jord til dyrking av gras og korn har auka noko, mens jordleigeprisane for grønsaker og potet har hatt ein større auke. Prisen på å leige jord for innmarksbeite har gått litt ned, mens jordleigeprisen for utmarksbeite er den same som i fjor.
Svarprosenten er i år 90 prosent, som er på same nivå som fjoråret. Datagrunnlaget vurderast derfor som relativt solid i alle regionar. Likevel kan enkeltkommunar ha stor innverknad på resultata. Årlege endringar bør difor tolkast med varsemd, mellom anna fordi tal frå nye kommunar kan påverke gjennomsnittet.
Figuren under viser årlege endringar i gjennomsnittsprisen på landsbasis for dei enkelte utleigeformåla, målt i kroner per dekar. Til liks med fjoråret er endringane i årets undersøking små. Landbruksdirektoratet reknar difor med at prisnivået i undersøkinga no er meir korrekt enn i tidlegare år.
I 2022 gjekk dei registrerte prisane på grønsaksjord kraftig ned, mellom anna som følgje av endringar i datagrunnlaget. Også den store nedgangen i pris for potetdyrking i 2021 hadde samanheng med datagrunnlaget.
Figuren under viser gjennomsnittsprisar per utleigeføremål på landsbasis frå 2022 til 2026. Snittprisane på gras- og korndyrking er relativt stabile. Det same gjeld prisar på jord til innmarksbeite. Prisane på potetjord og grønsaksjord har auka.