Jordleigeundersøkinga 2026

Landbruksdirektoratet sender kvart år ut ein førespurnad til kommunane om å rapportere jordleigeprisar. Desse prisane er ein del av det totale talgrunnlaget for å kunne analysere forholda for dei ulike jordbruksproduksjonane i ulike deler av landet. 

I undersøkinga ber vi kommunane opplyse om gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på produksjonane grasdyrking, korndyrking, potetdyrking, grønsak- og bærdyrking og innmarks- og utmarksbeite. For jord som blir nytta til korn- eller grasproduksjon ber vi også om at det skiljast på «god» og «dårleg» jord. Med «dårleg» jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord eller jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg eller har lite nyttig inndeling. 

Resultata frå undersøkinga er basert på prisane kommunane har rapportert i kroner per dekar per år, utan meirverdiavgift (mva). Prisane kommunane oppgjer vektast saman til gjennomsnittlege prisar i dei respektive regionane, basert på leigd areal i kvar enkelt kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidd ein prisindeks med år 2000 som basisår. Resultatet frå undersøkinga vert også rapportert til internasjonale statistikkorgan. 
Årlege endringar kan tolkast som endringar i betalingsvilje for jord, og indirekte som ein indikator på endringar i lønsemda i jordbruket. Ein bør likevel være varsam med slike tolkingar, ettersom resultata kan være sterkt påverka av kvaliteten på datamaterialet. Dette gjeld i størst grad for grønsaks- og potetjord.

Svarprosenten er i 2026 på 90 prosent, som er det same som i 2025.