Jordleigeundersøkinga 2025

Tabellen under viser årets gjennomsnittlege jordleigeprisar på landsbasis for ulike utleigeføremål og endring frå 2024-tala. Tala er basert på innrapporterte gjennomsnittsprisar frå kommunane, som så er vekta med kommunanes leigde jordbruksareal. Dei må lesast med dette atterhaldet.

Her kan du lese meir om jordleigeundersøkinga 2025

 
Kr/daa2025Endring siste år
Grasdyrking269-2
Korndyrking400-2
Potetdyrking69836
Grønsaker/bær90155
Innmarksbeite731
Utmarksbeite144

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Gjennomsnittsprisane på jordleige i Noreg har i hovudsak gått opp samanlikna med fjoråret. Jordleigeprisane for grønsaker, bær, potet, innmarksbeite og utmarksbeite har auka. Prisane på leige av jord til dyrking av gras og korn held seg stabile, men har gått litt ned.

Svarprosenten er i år 90 prosent, som er ei lita auking frå fjoråret. Datagrunnlaget er difor sikrare i alle regionar. Likevel er det slik at enkeltkommunar påverkar resultata betydeleg. Årlege endringar bør tolkast med varsemd, mellom anna fordi tal frå nye kommunar påverkar gjennomsnittet.

Figuren under viser årlege endringar i gjennomsnittsprisen på landsbasis for dei enkelte utleigeformåla, målt i kroner per dekar. Til liks med fjoråret er endringane i årets undersøking små. Landbruksdirektoratet reknar difor med at prisnivået i undersøkinga no er meir korrekt enn i tidlegare år.

Grafisk fremstilling av tabellen over

I 2022 gjekk dei registrerte prisane på grønsaksjord kraftig ned, mellom anna som følgje av endringar i datagrunnlaget. Også den store nedgangen i pris for potetdyrking i 2021 hadde samanheng med datagrunnlaget.

Figuren under viser gjennomsnittsprisar per utleigeføremål på landsbasis frå 2021 til 2025. Snittprisane på gras- og korndyrking er relativt stabile. Det same gjeld prisar på jord til innmarksbeite. Prisane på grønsaks- og potetjord har auka svakt.  

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag

Indeksutvikling

Tabellen under viser indeksert utvikling i jordleigeprisane frå 2024 til 2025. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord, og basisåret er 2000 (2000=100). Landbruksdirektoratet sine årlege undersøkingar viser altså at det er potetjord som har stige mest i pris, relativt sett, sidan år 2000.

Indeks 2000 = 10020242025Endring i %
Grasdyrking127126-0,7%
Korndyrking153153-0,5%
Grønnsak-/bærdyrking1481522,6%
Potetdyrking1661755,5%
Innmarksbeite94950,7%

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Figuren under viser indeksert prisutvikling frå 2014 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken over

Gjennomsnittspriser per region for de enkelte produksjonene

Normalt er det større endringar i gjennomsnittsprisane regionvis enn på landsbasis. Særleg for andre produksjonar enn korn og gras kan det være få kommunepriser som inngår i den regionale snittprisen. Regionprisen er difor sårbar for endringar frå år til år.

Grasdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2025, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris050
Middelpris144317
Høgaste pris 300450
Endring i middelpris frå 2024-66
Vestfold, Telemark og Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris132283
Høgaste pris300468
Endring i middelpris frå 20242316
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris0200
Middelpris293486
Høgaste pris500750
Endring i middelpris frå 2024-101
Vestlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris50159
Høgaste pris200400
Endring i middelpris frå 2024-13-22
Trøndelag
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris090
Middelpris125234
Høgaste pris250350
Endring i middelpris frå 202419-1
Nord-Noreg
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris4691
Høgaste pris600710
Endring i middelpris frå 2024-7-1

Prisen for jord til grasdyrking held seg omtrent stabil i årets undersøking. Gjennomsnittsprisen ligg på same nivå som han har gjort sidan 2017, med unnatak av ein relativt høg pris i 2020 som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget det året.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grasproduksjon frå 2021 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

På Vestlandet har gjennomsnittsprisen sokke med 22 kroner per dekar det siste året. Prisene har sokke vesentleg i nokre kommunar i fylket, og elles er dei stabile. Elles er det berre mindre endringar i tala.

Det er stor geografisk variasjon i etterspurnad etter grasareal. I enkelte kommunar kostar det over 700 kroner per daa å leige jord på gode areal, medan slike areal vert leigd ut utan vederlag andre stader. Mange stader er det god nok betaling i seg sjølv at jorda vert heldt i hevd, eller ein betalar med andre tenester som drenering/grøfting, gjerdehald, brøyting, kjøt eller ved.

Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til korndyrking i kroner per dekar i 2025, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris245423
Høgaste pris400750
Endring i middelpris frå 2024-3-1
Vestfold, Telemark og Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris071
Middelpris233403
Høgaste pris350650
Endring i middelpris frå 20245217
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris350475
Middelpris435642
Høgaste pris450750
Endring i middelpris frå 2024-2228
Vestlandet
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris00
Middelpris38209
Høgaste pris100300
Endring i middelpris frå 2024-3271
Trøndelag
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris00
Middelpris190358
Høgaste pris300430
Endring i middelpris frå 2024-126

Gjennomsnittsprisane på god jord til korndyrking har auka i dei fleste regionane, medan prisane for dårleg jord har sokke i alle regionane utanom Vestfold, Telemark og Agder.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til kornproduksjon frå 2021 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

I regionen Vestfold, Telemark og Agder er gjennomsnittsprisen ganske stabil. I Rogaland var det ei stor prisauke i 2022, som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget. Det stabile prisnivået ein ser i undersøkingane dei siste åra er truleg meir presist, sjølv om datagrunnlaget her berre består av ei handfull kommunar. I regionen Vestlandet er det berre åtte kommunar i Møre og Romsdal som har rapportert leigeprisar på kornjord.

Grønnsak-/ bærdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsaks- og bærdyrking i kroner per dekar i 2025, fordelt på geografiske område.
Austlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris984
Høgaste pris1600
Endring i middelpris frå 2024134
Vestfold, Telemark og Agder
 God jord
Lågaste pris270
Middelpris799
Høgaste pris1500
Endring i middelpris frå 202442
Rogaland
 God jord
Lågaste pris320
Middelpris1300
Høgaste pris2200
Endring i middelpris frå 202432
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris515
Høgaste pris1200
Endring i middelpris frå 202468
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris882
Høgaste pris1750
Endring i middelpris frå 2024-59
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris50
Høgaste pris250
Endring i middelpris frå 2024-139

På landsbasis har gjennomsnittsprisen for jord til grønsak- og bærdyrking falle svakt i fleire år etter eit toppunkt i 2019. I 2025 gjekk prisen opp 2,6 prosent frå fjoråret.  

På regionalt nivå er det enkelte vesentlege endringar. Generelt er variasjonen frå år til år i dei regionale snittprisane på grønsaksjord større enn på gras og korn, fordi det er færre kommunar som rapporterer prisar. Resultata for Austlandet varierer kraftig, og snittprisen har gått opp. I Trøndelag og Nord-Noreg er derimot gjennomsnittsprisen lågare i år enn i fjor.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsak- og bærproduksjon frå 2021 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Potetdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2025, fordelt på geografiske område.
Austlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris726
Høgaste pris1000
Endring i middelpris frå 202430
Vestfold. Telemark og Agder
 God jord
Lågaste pris270
Middelpris798
Høgaste pris1500
Endring i middelpris frå 202455
Rogaland
 God jord
Lågaste pris320
Middelpris845
Høgaste pris1200
Endring i middelpris frå 2024173
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris400
Høgaste pris400
Endring i middelpris frå 2024-133
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris630
Høgaste pris1050
Endring i middelpris frå 202424
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris80
Høgaste pris250
Endring i middelpris frå 2024-80

Gjennomsnittsprisen nasjonalt har auka med 36 kroner per dekar, men det er variasjonar mellom regionane. Variasjonar i utvalet frå 2024 til 2025 kan ha påverka prisauken.

Gjennomsnittsprisen har auka i fire av seks regionar. Auka er størst i Rogaland, der prisen er 173 kroner per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Prisen er lågare enn i 2024 på Vestlandet og i Nord-Noreg, men dette skuldast i stor grad endringar i utvalet.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetproduksjon frå 2021 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lanken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Beite

Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite og utmarksbeite i kroner per dekar i 2025, fordelt på geografiske område.

Austlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris750
Høgaste pris2005
Endring i middelpris frå 2024-8-2
Vestfold, Telemark og Agder
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris8939
Høgaste pris250140
Endring i middelpris frå 2024175
Rogaland
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris18047
Høgaste pris425100
Endring i middelpris frå 2024-529
Vestlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris181
Høgaste pris10520
Endring i middelpris frå 2024-50
Trøndelag
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris580
Høgaste pris1511
Endring i middelpris frå 2024-2-1
Nord-Noreg
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris203
Høgaste pris133100
Endring i middelpris frå 202401

Gjennomsnittsprisen for innmarksbeite er 1 krone per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Det er store regionale forskjellar i prisutviklinga. Medan prisen har auka i fleire regionar, har han auka i Vestfold, Telemark og Agder. Dette skuldast delvis endringar i datagrunnlaget.

Gjennomsnittsprisen på utmarksbeite er 4 kroner per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Det vanlegaste er at areala vert leigd ut vederlagsfritt, nokon stader mot andre gjenytingar, til dømes gjerdehald. I Rogaland er gjennomsnittsprisen 29 kroner per dekar høgare enn i fjor, men dette har å gjere med korrigerte prisar.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite frå 2021 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall