Garden Lundlia, kort kalla for «Lia» av lokalbefolkninga, er den mest avsidesliggande garden i Sunndal. Den ligg på ca. 650 moh. og er omkransa av slåande vill og vakker natur. Lundlia har vore bebudd i fleire hundreår, og sjølv om ein ikkje skulle tru at det går an å bu fast på Lundlia i dag, så gjer det det. Her bur ekteparet Helge og Keiko Dragseth.

Gardsvegen
Vegen opp til Lundlia er lang (5 kilometer), og tidvis både bratt og smal. På vinterstid er vegen stengt og ein kjem seg kun fram til fots, på ski eller på ATV. Det er mykje arbeid med å halde vegen til garden i drift gjennom året. Om vinteren kan det vere store snømengder og ein må måke seg meter for meter for å kome seg fram. Jordskred og utsklidingar grunna nedbør har vore ei anna utfordring, spesielt dei siste åra.

Vegen opp til Lundlia er viktig for at det framleis kan bu folk her fast, som kan drifta garden og oppretthalde kulturlandskapet. Det er også viktig for å oppretthalde beitinga omkring garden. «Naboane» på garden Røymo - som bur eit godt stykke unna - har leigd beite omkring garden i fleire år til eit hundretals sau. På eit tidspunkt blei det for tungvint å ikkje kunne køyre traktor med sauehengar heilt fram til Lundlia, og då var det behov for utbetringar av både veg og bru til Lundlia.
Ny bru over elva Reppa
Eit av prosjekta som har fått tilskot gjennom UKL-ordninga er utviding og forsterking av brua over elva Reppa:
Dei ønska å heve brua med cirka ein halv meter, samt at sjølve brua skulle bli forsterka. Dei fekk eit UKL-tilskot på 117 000 kroner til arbeidet.
Sommaren og hausten 2016 starta ein med å hogge steinar til fyllmasse. Steinane var mellom 200 og 400 kg, og dei vart hogd manuelt med steinkiler, ca 25 steinar totalt. Så snart vegen var snøfri starta førebuingane med planlegging og tilrettelegging ved brua, og i august var vi klare til å rive gamlebrua.

Ein lokal entreprenør blei leigd inn med hjulmaskin (gravemaskin) til å løfte av stålbjelkane, mens far og son bygde opp brukarene cirka en halv meter på begge sider. Hjulmaskina løfta dei gamle bjelkane på plass, samt to nye stålbjelkar. På Lundli-sida hadde vi støypt opp ein liten pilar for at dyna kunne bli lengre og brua breiare, samt at vi fekk en betre påkøyringsvinkel. Deretter jobba dei med oppmuring av brukar på Lundli-sida, og med tredekket på brua utover hausten. Brua blei ferdig til vinteren kom i 2017, men steinarbeidet måtte vente til våren. Dei fekk gjort brua ferdig hausten 2018 med grus over steinane, støyping av plater for innkøyring på brua på begge sider, samt rekkverk på brua og utfor begge ender av brua.
Når brua var ferdigstilt, kunne naboane frå Røymo køyre traktor og sauehengar heilt fram til Lundlia. I etterkant har dei også bygd ei sankefelle her, så no er køyring av sau begge veier forenkla betrakteleg.


Fleire vegprosjekt i framtida
I tillegg til ny bru har dei fått UKL-tilskot til generell utbetring av vegen. Til dømes gjekk det eit ganske stort jordskred mellom Reppbrua og Lundlia i 2020, der 50-60 meter av vegen blei øydelagt. Dette er utbetra med nye stikkrenner, røyr og påfyll av masse. Dei registrerer at røyr som stort sett har vore store nok tidlegare, ikkje klarer å ta unna for dei meste kraftige regnskola. Dette gjer at dei må prosjektere for meir krevjande vær i framtida.
Eineståande Lundlia
Garden Lundlia har ein lang historie. Her har det budd folk i fleire hundreår og det gjer det framleis. Gardsfolket legg ned ein stor innsats for å ta vare på og skjøtte kulturlandskapsverdiane her. Det er registrert ei viktig naturbeitemark på ca. 60 dekar på eigendommen, og Lundlia er også registrert med seks bygningar i SEFRAK-registeret, altså bygningar som er bygde før 1900. Dette er biologiske og kulturhistoriske verdiar som er viktige å ta vare på i det utvalde kulturlandskapet.
Mer informasjon
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si nettside om Utvalde kulturlandskap
- Se gamle og nye bilde frå Fjellgardene i Sunndal (ukl.ra.no)
- Fjellgårdene i Sunndal i kart - Naturbase
- Mer om Fjellgardane i Sunndalen Utvalgte kulturlandskap
- Mer om Utvalgte kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratets nettside
- Dette er de 51 utvalgte kulturlandskapene i jordbruket.

Tema
Infrastruktur
År for innlemming
2009
Fylke
Møre og Romsdal
Kontakt
Sunndal kommune