
Formidling av tradisjon og kultur
Formålet med den årlege slåttedagen er at folk – gamle og unge – både frå bygda og tilreisande, skal få oppleve slått i eit autentisk miljø – slått av ei tradisjonell slåtteeng. Her er det slått med ljå og anna eigna reiskap og hesjing på gamalt vis. Dei som vil kan vere med å slå gras. Av og til vert det halde foredrag om til dømes bruk av gamle slåttereiskapar og gamle arbeidsmetodar i slåttearbeidet, og om det biologiske mangfaldet i slåtteenga. Det har òg vore arrangert slåttekonkurranse. I fleire år har kulturpatrulja i Valle – unge lokale musikarar med glimt i auga vitja slåttedagen og bidratt med tradisjonsmusikk og dans. Denne setesdalskulturen står på Unescos si verdsarvliste for immateriell kulturarv . I tillegg vert det alltid lagt opp til ein sosial og familievennleg dag med triveleg kafferøre etter slåttegraut og kulturelle diskusjonar.

Solblomen kjem tilbake
Den årlege slåttedagen bidreg til læring om gamle slåttetradisjonar, og dei som vil får høve til å prøve med ljåen. Det pleier å bli ein triveleg dag for dei frammøtte. I tillegg har den tradisjonelle skjøtselen med slått og beite bidratt til at solblomen – eller tobakksblomen som er det lokale namnet, kjem tilbake. Det er Agder sin fylkesblom. I tillegg dukkar det også opp insektartar og andre smådyr når den gamle vegetasjonen tek til å dominere att. Slåttedagen er altså vinn-vinn for både folk og natur.

Finansiering
Det har vore innvilga tilskot frå UKL-midlane til slåttedagen i mange år, og no blir og skjøtselen av slåtteenga finansiert med UKL-midlane. I 2022 vart det innvilga kr 12 000 til slåttedagen. I tillegg er det ein del dugnadsarbeid.
Tips til andre
Dett er eit kjekt tiltak som mange har glede av, både bygdefolk og tilreisande. Det er viktig å informere godt om arrangementet i forkant – gjennom fleire kanalar.
Mer informasjon
- Meir om Utvalde kulturlandskap Rygnestad og Flateland - på statsforvaltaren i Agder si nettside
- Se gamle og nye bilde frå Rygnestad og Flateland (ukl.ra.no)
- Rygnestad og Flateland i kart – Naturbase
- Mer om Fjellgardane i Rygnestad og Flateland Utvalgte kulturlandskap på Landbruksdirektoratets nettside
- Mer om Utvalgte kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratets nettside
- Dette er de 51 utvalgte kulturlandskapene i jordbruket.

Tema
Formidling
År for innlemming
2009
Fylke
Agder
Kontakt
Valle kommune