Det har blitt ei fin formidlingsløype for natur- og kulturopplevingar.
.jpg)
Lettare å finne fram på Ulvestigen
Det er lenge sidan ulvegrava var i aktiv bruk, men ho har lenge vore eit «trekkplaster» for besøkande i Nordherad. Stigen har likevel vore litt krungla, mellom anna sidan ein må inn på et beiteområde for storfe. Sjølv om ulvegrava ligg ganske nær ein god parkeringsplass, har det heller ikkje vore like tydeleg for alle korleis ein går dit og kor langt det er. For nokre år sidan vart prosjektet «heilskapleg formidling av kulturarven i Nordherad» gjennomført. Her vart det høgast prioriterte tiltaket å få ein høgare standard på «Ulvestigen», frå ein parkerer bilen til ein reiser frå staden.
.jpg)

Informasjonstavle og skilting
På parkeringsplassen er det no sett opp ei ny informasjonstavle med oversiktskart over grenda. Den visuelle designprofilen for kart over Utvalde kulturlandskap er nytta. Ved starten av stigen har ein samla retningsskilt laga etter den nasjonale standarden for merking av turstigar. Her står namn og avstand til ei rekke besøksmål. Vidare er stigen stort sett lite opparbeidd, men utbetra og grusa opp på utsette stader. Han er merka diskret der det trengst. Rundløypa til ulvegrava er ein avstikkar frå «langløypa» gjennom Nordherad, og ein kan velje å gå lengre eller kortare turar på eit stort nettverk av stigar.
På veg til ulvegrava kan ein òg ta ein tur innom låven på Moshuset, der grunneigar Audun Heier har sett opp ei lita utstilling om det spesielle biologiske mangfaldet i nærområdet. Låven står open for dei som ønskjer å ta ein titt.
Arealet rundt sjølve ulvegrava er no gjerda inn, og det er gjerda inn ein trasé ned frå hovudstigen slik at ein ikkje kjem i direkte kontakt med beitedyra. Det har vore ein del diskusjon om korleis grava skal formidlast. No er ho gjerda inn med eit enkelt gjerde som gjev sikring, men ikkje skjemmer innsyn. Bruken av grava er illustrert ved å dekke halve opningen med greiner og buskar og sette ut ein «hund» som skal lokke ulven fram.




Finansiering
For å få den ønska, høge standarden på stigen er det brukt fleire profesjonelle aktørar m.a. på design. Dei totale kostnadene vart 413 000 kroner, og av dette dekte UKL-tilskotet 225 000 kroner og tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB 75 000 kroner. I tillegg vart utvikling og produksjon av oversiktskartet delvis dekt gjennom pilotprosjektet på kartdesign for Utvalde kulturlandskap.


Mer informasjon

Tema
Formidling
År for innlemming
2009
Fylke
Innlandet
Kontakt
Vågå kommune