Grøvudalen i Sunndalsfjella har vore brukt til setring gjennom mange hundre år, og det pregar dette dalføret. I dag er det berre Inner Gammelsetra som er i aktiv drift. Ved Inner Gammelsetra var det eit gammalt kalvhus som blei restaurert på 1990-tallet. Muren på dette kalvhuset hadde svikta og rasa ut etter den førre restaureringa. Det var difor naudsynt å foreta ei ny og meir grundig istandsetting.

Kalvhuset bar etter kvart preg av å vera nærast ei steinrøys med tak over. Gamle bilde som har dukka opp etter førre restaurering viste òg at huset opprinneleg var bygd med meir treverk enn det som vart brukt ved restaureringa på 90-talet, då alt unnateke taket var i tørr mur av stein som ikkje var stabil nok. Huset har heller ikkje dei seinere åra hatt nokon særleg funksjon bortsett frå å vera eit utfyllande element til tunet.
Dyktige handverkarar og eit godt resultat
Firmaet Tradisjonsbygg, som også gjorde arbeidet i det gamle steinfjøset på setra, tok på seg å skaffe materialer og utføre arbeidet. Dei fjerna taket, som var nokså forfalle etter å ha sige saman etter kvart som veggane hadde rasa ut, og tok så ned mykje av muren før dei fann tak i stein lokalt ved setra, som var betre egna til muring. Etter å ha fått opp mur, vart det lagt ein raftstokk på kvar langvegg og tømra røste på kortveggane før nytt torvtak vart lagt.

Resultatet har blitt eit solid lite hus som utfyller tunet på ein god måte. I tillegg har dette blitt eit funksjonelt hus som kan brukast til lager av ymse utstyr og reiskap til bruk på setra og i arbeid med å skaffe ved. Det har blitt gjort eit svært godt og profesjonelt arbeid av dei to som utførte jobben frå Tradisjonsbygg, og tiltaket har hausta ros og anerkjenning frå dei som har sett det.

.jpg)
Fleire tiltak er planlagd
Restaurering av kalvhuset var ein del av eit større tiltak som fekk tilskot frå UKL hausten 2021 (280.000 kr). Tilskotet skal også brukast til ei oppgradering av fjøset som blir brukt til mjølking. I fjøset er det der særleg golv og ein vegg som treng å bli stelt. Den delen av tiltaket er planlagt gjennomført etter sesongen 2023, då det må gjerast utan at det er mjølking på setra.
Ei aktiv og svært viktig seter
På setra har fleire av husa vorte satt i stand og "nygamle" hus er bygd. Tiltaka er svært viktige for å ta vare på eit heilskapleg kulturmiljø og legge til rette for aktiv seterdrift.
Setra er ei fullforedlingsseter med produksjon frå ku. Mjølka blir nytta til tradisjonelle produkt som ost, rømme, smør, rømmegraut, vaflar med meir. Drifta med beiting i området kring setra er svært viktig for å oppretthalde kulturlandskapet. På setra blir det arrangert seterkurs kvar sommar, der ein kan lære både praktiske og teoretiske sider ved seterdrifta. Setra er også open for besøkjande som er på vandring i fjellet.
I løpet av åra har drivarar og buskap skifta, men drifta har alltid vore den same. Sidan 2006 har den ideelle stiftinga «Stiftelsen Gammelsetra» hatt det formelle ansvaret for seterdrifta, med Tor og Astrid Gravem i spissen. I 2020 tok dei i mot «Seterprisen 2020» frå Norsk seterkultur. I juryen si grunngjeving var det mellom anna lagt vekt på arbeidet med kunnskapsformidling og kurs for unge.

Mer informasjon
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si nettside om Utvalde kulturlandskap
- Se gamle og nye bilde frå Fjellgardene i Sunndal (ukl.ra.no)
- Fjellgårdene i Sunndal i kart - Naturbase
- Meir om utvalde kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratet si nettside
- Meir om Fjellgardane i Sunndal Utvalgte kulturlandskap
- Dette er de 51 utvalgte kulturlandskapene i jordbruket

Tema
Kulturminner og kulturmiljø
År for innlemming
2009
Fylke
Møre og Romsdal
Kontakt
Sunndal kommune