Jordbruksaktivitet med lang tidsdjupne
Grinde og Engjasete har ein mosaikk av gamle kulturmarker og meir moderne produksjonsareal. Området er skånsamt utnytta med få skjemmande inngrep. Lokalsamfunnet på Grinde har vore flinke til å ta vare på den tradisjonelle ressursutnyttinga, og både eldre og yngre generasjonar er opptekne av å vidareføre driftsformer som kan ivareta kulturlandskapet. For einskilde brukarar er styving framleis ein del av drifta, ikkje berre som skjøtsel, men òg som dyrefôr.


Biologiske og kulturhistoriske verdiar
Området har stor variasjon av ulike kulturmarker der trebruken, og først og fremst lauving, har sett tydelege spor i hagemarker (bjørk og ask), lauvenger (ask, alm, bjørk, selje), haustingsskogar (alm, ask) og som solitær-styvingstre. Styvingstrea er nøkkelbiotopar i kulturlandskapet. Det er registrert sårbare beitemarksoppar og sjeldne vedbuande soppar på styvingstrea i området, i tillegg til interessante artssamfunn av lav og mose.


Styving som del av UKL-arbeidet
Etter at Grinde og Engjasete vart del av UKL-ordninga har drivarane i området hatt høve til å søkje om midlar til årlege skjøtselstiltak i tråd med skjøtselsplanen for området. Skjøtselsplanen inneheld ein generell del med oversikt over dei ulike felta, skildring av aktuelle tiltak og ei prioritering av felta. Planen har også ein spesiell del med konkrete opplegg for restaurering og skjøtsel for kvart felt.
Området har gjennom fleire år vore nytta til studieturar og praktisk skjøtselsundervisning, der drivarane i området bidreg aktivt.


Mer informasjon
- Se gamle og nye bilde frå Grinde og Engjasete (ukl.ra.no)
- Fjellgårdene i Grinde og Engjasete i kart - Naturbase
- Meir om utvalde kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratet si nettside
- Dette er de 51 utvalgte kulturlandskapene i jordbruket.
- Mer om Utvalgte kulturlandskap Grinde og Engjasete på Landbruksdirektoratets nettside

Tema
Biologisk mangfold
År for innlemming
2009
Fylke
Vestland
Kontakt
Sogndal kommune