Grunnkvote
Grunnkvoten er kvoten som er tildelt landbrukseigedomen, og kvote som er kjøpt til den. Den er knytt til landbrukseigedomen, og eigaren har råderetten over grunnkvoten. Kvoten fell bort dersom det ikkje leverast mjølk på kvoten på ti år.
Grunnkvote kan kjøpast og seljast, eller flyttast mellom eigne landbrukseigedomar. For å ta i bruk grunnkvoten, må kvoten disponerast til eit føretak. Eigaren kan velje å disponere til sitt eige føretak, eller til eit anna føretak som leiger kvoten.
Disponibel kvote
Alle føretak som disponerer grunnkvote, får berekna sin disponible kvote i starten av året. Den kan bestå av grunnkvotar frå ulike eigedomar, multiplisert med forholdstalet for disponibel kvote. Disponibel kvote kan ikkje være større enn produksjonstaket, med mindre ein har fått fastsett eit individuelt produksjonstak.
Den disponible kvoten viser kor mykje mjølk som maksimalt kan leverast i løpet av året. Forholdstal for kumjølk og geitemjølk vert fastsett årleg av Landbruks- og matdepartementet, etter drøftingar med Tine, Q-meierienes produksjonslag, Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I 2025 er forholdstalet sett til 1,20 for kumjølk, og 0,95 for geitemjølk.
Lokalforedlingskvote
Denne ordninga gir produsentar moglegheit til å produsere mjølk til eiga lokal foredling eller levere til eit føretak som driv med lokalforedling. Dette skal bidra til å auke verdskaping og utnytting av marknadsmoglegheitene for lokale produkt. Du må melde om oppstart av lokalforedling av mjølk til Landbruksdirektoratet. Lokalforedlingskvoten utgjer differansen mellom produksjonstaket og eventuelle grunnkvotar som mjølkeprodusenten sitt føretak disponerer.