Til hovedinnhold

Ønsker du å søke på innhold for forvaltningen?

Gå tilbake og velg fanen «Forvaltningen» øverst til høyre på siden og søk derfra. 

Fire millionar kroner til satsing på auka sjølvforsyning

Landbruksdirektoratet lyser ut fire millionar kroner til prosjekt om auka sjølvforsyning gjennom betre grovfôrproduksjon. Fristen for å søkje er 19. august 2024.

I årets jordbruksforhandlingar vart det sett av ekstra pengar over ordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel for å følgje opp mål og tiltak knytt til Meld. St. 11 (2023–2024) om strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer.

Auka verdiskaping

Tiltaka må ha som mål å styrkje verdiskapinga i landbruket og bidra til fellesskapsløysingar innan næringsutvikling og kompetanseheving av nasjonal nytteverdi. Midla er lyst ut med atterhald om positiv stortingshandsaming av Prop. 105S (2023-2024).

Gras slått Hå 1-1200px.jpg
Grasslått i Rogaland. Foto: Landbruksdirektoratet


Les meir om kva tiltak som kan støttast og korleis du går fram for å søkje i utlysinga.

Den ordinære utlysinga av nasjonale tilretteleggingsmiddel som gjeld prosjekt med oppstart i 2025 vert som normalt publisert på direktoratet sine nettsider i august/september.

Lurer du på noko?

Kontakt saksbehandlarar for ordninga: Tobias Høyvik og Eline Kvamme Hagen

Til toppen AI-powered search

KI søk