Til hovedinnhold

Greier ut alternativ reknemetode for fosforbalanse

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet å vurdere ein alternativ metode for å rekne ut fosforbalansen på garden.

Ny gjødselbrukforskrift trådte i kraft 1. februar i 2025. Der står det at i staden for å følgje dei faste grensene for fosformengder per dekar, kan gardbrukaren frå 1.1.2027 føre rekneskap over fosforstraumane inn til og ut frå føretaket. Om fosforstraumane syner balanse, kan ein gjødsle med opp til 3,5 kg P/daa.  

Landbruksdirektoratet arbeidde i 2025 med ein modell for eit slikt balanserekneskap, med mål om at det skulle vere ferdig til hausten 2026. I arbeidet fann vi fleire utfordringar knytt til å rekne på fosforstraumane inn og ut frå garden.  

 

Illustrasjonsfoto: For Landbruksdirektoratetet, Torbjørn Tandberg.

Skal sjå på ny reknemetode

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har no fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet å vurdere eit alternativ til å rekne fosforbalansen på garden, nemleg å rekne fosforbalansen for areala som ein gjødslar. Det vil seie balanse mellom fosfor som blir tilført med gjødsla og fosfor som blir ført vekk med avlinga. Direktorata har fått frist 1. juni til å levere utgreiinga.  

Dette inneber at det kan kome endringar i korleis ein skal setje opp reknestykket for fosforbalansen. Vi forstår at det kan vere vanskeleg å planleggje for det komande året når det er uvisse rundt korleis utrekninga skal gjerast, men utgreiinga er naudsynt for å finne ei fagleg god løysing som fungerer godt i praksis. 

Sjå òg tidlegare sak om same tema: Utarbeider retningsliner for gjødsling etter krav om fosforbalanse

Til toppen AI-powered search

KI søk