Til hovedinnhold

Jordbruket utførte miljøtiltak for ein milliard i 2023

Landbruksdirektoratet betalte den 14. mars ut nær ein milliard kroner i regionale miljøtilskot til om lag 21 800 jordbruksføretak.

Ramma for regionale miljøtilskot (RMP) auka frå 786 millionar kroner i 2022 til ein milliard i kroner i 2023. Statistikken viser at det dei siste åra har vore jamn stigning av areal det vert utført miljøtiltak på, i takt med auka ramme. Den milliarden som blei utbetalt no i mars er for miljøinnsatsen i 2023.

RMP totalramme 2013 til 2023.png

I regionale miljøprogram er miljøtiltak fordelt på ulike tema som fylka prioriterer basert på regionale utfordringar og behov. Det varierer frå tiltak som hindrar forureining og utslepp, til tiltak som skal ta vare på natur- og kulturlandskapsverdiar. Miljøtiltak blir gjennomført i vekstsesongen det aktuelle året, og så søker ein om tilskot på hausten.

Stor breidde – men tydeleg retning over tid

Over 36 prosent av midlane gjekk i 2023 til å redusere avrenning av næringsstoff og partiklar frå jordbruksproduksjon til vassdrag og sjø. Vassmiljøtiltaka vert i hovudsak utført i dei tidlegare fylka i Viken, Vestfold, Telemark og Innlandet, som alle har vassdrag som renn ut i Oslofjorden. Tiltak her vil bidra til å betre den økologiske tilstanden i fjorden.

RMP fordelt på miljøtema 2019_2023.png

Tilskot til tiltaka som høyrer til under miljøtemaet utslepp til luft skal stimulere til gjødslingsmetodar som gjev redusert utslepp av ammoniakk og lystgass, i tillegg til redusert avrenning av næringsstoff til vassdrag. Det er betalt ut omlag 179 millionar kroner til bønder som har gjort tiltak for å redusere utslepp til luft frå jordbruksproduksjon.

84 millionar kroner gjekk til biologisk mangfald. Blant tiltaka for å ta vare å biologisk mangfald, gjekk heile 25 prosent av midlane til å etablere soner for pollinerande insekt. Desse sonene kan vere med på å betre tilhøva for dei ville pollinatorane i jordbrukslandskapet, ved at ein etablerer eit mangfald av vekstar som kan auke næringsgrunnlaget for insekta.  

Tilrettelegging for hekking og beite for fugl har fått meir merksemd

Ina Giil Solheim.png
Ina Giil Solheim

–Vi ser at det har vore ein god auke i enkelte tiltak innanfor biologisk mangfald, som til dømes tilrettelegging for hekke- og beiteområde for fugl. Fleire fylke har tatt inn dette tiltaket i sine miljøprogram og tala viser at mange bønder ønskjer å legge til rette for hekking og beiting av fugl på jordbruksareala sine, kommenterer rådgjevar Ina Giil Solheim i Landbruksdirektoratet.

Det står dårleg til for mange av dei bakkehekkande fuglane. Vipe, svarthalespove og åkerrikse er kritisk trua (CE), medan storspove er sterkt trua (EN), ifølgje Norsk raudliste for artar 2021. –Vi håpar trenden med auka tilrettelegging for hekke- og beiteområde for fugl vil forsette og dermed bidra til betre høve for fuglane i jordbrukslandskapet, seier Solheim.

Biokol og kompost som nye jordhelsetiltak i 2023

Frå 2023 var jord og jordhelse eit nytt miljøtema i RMP, og det var nokre nye miljøtiltak ein kunne få tilskot for å gjennomføre. Eitt av desse var spreiing av biokol. Effekten av biokol er hovudsakleg karbonlagring, i tillegg til at det kan vere eit jordforbetringsmiddel. Det er 10 føretak som har fått tilskot til spreiing av biokol i 2023. Totalt har desse føretaka spreidd 18 tonn biokol på jordbruksareal.  Spreiing av eigenprodusert kompost er også eit nytt tiltak. Totalt er det gjeve tilskot til spreiing av eigenprodusert kompost på om lag 20 000 dekar i 2023.

–Det utgjer ikkje den store andelen av dei dei utbetalte midlane, men det blir spennande å følgje med på utviklinga i åra som kjem, innafor både desse og dei andre nye tiltaka, seier Solheim.

Her kan du lese meir om kvart fylke sitt miljøprogram

 

Kontakt

Ina Giil Solheim