I fjor vart den norske potetavlinga kraftig ramma av ekstremvêret Hans. Også denne hausten har det regna mykje på Austlandet, og derfor har det vore knytt stor spenning til den første lagerteljinga i sesongen av poteter.
Landbruksdirektoratet registrerer behaldningar av potet og grønsaker til faste tidspunkt gjennom lagersesongen. I år har det vorte gjennomført ei ekstra lagerteljing to veker tidlegare enn normalt, for at aktørane i marknaden skal kunna planleggja sesongen.
Meir av potetene går til industrien
Per 15. oktober er det om lag 187 000 tonn norske poteter på lager. Av dette er litt under 1/3 konsumpoteter som skal ut i butikkane. Dei resterande to tredelane skal brukast i industriproduksjon.
Ettersom lagerteljinga skjer to veker før normalt, er ikkje tala heilt samanliknbare med førre år. Viss ein likevel samanliknar med behaldningar per 1. november dei to siste åra, er det ein auke i samla tilgang i år.
Størst auke for småpoteter
Beholdningen av vanlege konsumpoteter er 38 prosent større enn 1. november i 2023, då det var avlingssvikt på poteter i Noreg. Samanlikna med 1. november 2022 er lagerbehaldninga derimot heilt stabil.
Behaldninga av industripoteter er 44 prosent større enn fjorårets og seks prosent større enn i november 2022. Desse potetene blir mellom anna brukte til å produsera pommes frites og chips.
Den største endringa i lagerteljinga er for småpoteter til daglegvaremarknaden. Medan det dei siste åra har vore om lag 2 000 tonn slike poteter på lager per 1. november, er behaldninga per 15. oktober i år godt over 5 000 tonn. Småpoteter har vore eit satsingsområde for norske bønder.
Tilgangen på norsk mandelpotet er omtrent på normalnivået. Det har også komme til ei lita mengd norsk bakepotet i år. Innmelde behaldningar er på 170 tonn.
Lagringskvaliteten avgjer
Lagertellingen gir eit førebels bilete på korleis tilgangen på norske poteter blir i år. Faktisk utvikling vil avhenga mellom anna av kor stor omsetninga blir. Dei siste månadene har det vore større etterspurnad etter norske poteter enn tidlegare år.
Den andre faktoren som avgjer kor lenge me har norske poteter, er lagringskvaliteten. Våren 2024 gjekk det eksempelvis tomt for poteter tidlegare enn anteke. Stormen Hans førte ikkje berre til låge avlingar, men også til dårlegare lagringskvalitet enn normalt.
Det står att å sjå kor godt potetene held seg i år. Landbruksdirektoratet vil halda fram med å publisera oppdaterte behaldningstal gjennom sesongen. Neste lagerteljing skjer 15. november.
Her finn du statistikk over lagerbehaldningar av potet per 15. oktober 2024.