Til hovedinnhold

Mjølkekvotane for 2024 er berekna

I 2024 har 6 491 kumjølkprodusentar fått berekna ein total disponibel kvote på 1 612 mill. liter kumjølk. 238 geitemjølkprodusentar får ein disponibel kvote på 21,1 mill. liter geitemjølk.

Melkeku på beite.jpg
Melkekyr på innmarksbeite

Samanlikna med 2023 er det 2,08 prosent færre kumjølkprodusentar, og 2,9 prosent færre geitemjølkprodusentar i  år. I disponibel kvote for kumjølk er det ein oppgang på 7,2 prosent, medan for geitemjølk er det ein nedgang på 0,1 prosent, samanlikna med fjoråret.

Tabellen viser produsentar delt på produksjonsregionane for kumjølkkvote i 2024 (tall er oppdatert 30.01.24).

Produksjonsregion Tal produsentar Disponibel kvote (liter) Andel disponibel kvote i regionen
Tidligere Østfold og Vestfold 151 53 418 868 3,3 %
Oslo og tidligere Akershus 96 29 654 654  1,8 %
Tidligere Hedmark 393           92 863 530 5,8 %
Tidligere Oppland 841           181 078 179 11,2 %
Tidligere Buskerud 144 35 594 433 2,2 %
Tidligere Telemark 73 14 641 348 0,9 %
Agder 263 49 596 708 3,1 %
Rogaland 1015 288 944 307 17,9 %
Vestland 993 190 273 350 11,8 %
Møre og Romsdal 587 149 545 381 9,3 %
Trøndelag 1265 354 432 820 21,9 %
Nordland 432 112 219 975 6,9 %
Tidligere Troms 154 37 112 126 2,3 %
Tidligere Finnmark 84 23 291 121 1,4 %
Sum 6 491 1 612 666 800  

Tabellen under her viser geitemjølkprodusentar 2024 delt på fylker. Produksjonsregionane for geitemjølk er Nord-Noreg (Troms, Finnmark, og Nordland) og Sør-Noreg.

Fylke Tal produsentar Disponibel kvote i fylket (liter) Andel disponibel kvote i fylket
Buskerud 10 796 371 3,80 %
Akershus 1 31 766 0,20 %
Innlandet 42 2 972 260 14,00 %
Telemark 13 955 959 4,50 %
Rogaland 11 1 276 907 6,00 %
Vestland 64 4 500 392 21,30 %
Møre og Romsdal 23 2 652 314 12,60 %
Trøndelag 3 228 329 1,10 %
Nordland 21 2 235 753 10,60 %
Troms 50 5 480 983 25,90 %
Totalt 238 21 131 034  

I 2024 er forholdstal for disponibel kvote kumjølk 1,02 og produksjonstaket er 714 000 liter. For geitemjølk er det eit forholdstal på 0,95 og produksjonstaket er 350 000 liter. Overproduksjonsavgifta på mjølk er kr 4,90 per liter.

Kvotebrev for 2024

Mjølkeprodusentane sine disponible kvotar for 2024 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Det er også sendt brev til alle som eig landbrukseigedom med mjølkekvote. Det betyr at du får to brev viss du både eig landbrukseigedom med mjølkekvote, og er mjølkeprodusent.

Merk at om du ynskjer å sjå på kvoten føretaket ditt disponerer for 2024 (kvotebrevet), må du logge inn med føretaket ditt og ikkje som eigar av landbrukseigedomen, som krevjar innlogging som privatperson (og viser informasjonsbrevet).

Du loggar inn på kvoteordninga for mjølk her.

Sjå statistikksidene våre om utvikling over tid for melkekvotar