Til hovedinnhold

Ny rapport om tilskot for betre kvalitet på storfekjøt

Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein rapport der vi har sett på ei omlegging til jamnare satsar for det eksisterande kvalitetstilskotet på storfe, og vurdert kva tiltak som kan vere aktuelle for å sikre ei forvalting i tråd med WTO-regelverket.

Rapporten «Utredning av kvalitetstilskot for storfe» låg klar 1. mars, og skal danne grunnlag for årets jordbruksforhandlingar. Landbruksdirektoratet har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, Bondelaget og Småbrukarlaget, etter føringar i jordbruksoppgjeret 2022. Rapporten vart presentert på Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 9. mars, og skal danne grunnlag for årets jordbruksforhandlingar.

Tilskot for kvalitet

Kvalitetstilskotet for storfe vart etablert i 2013. Bakgrunnen var ei underdekning av storfekjøt i den norske marknaden grunna nedgang i talet på mjølkekyr, utan at talet på ammekyr hadde auka tilsvarande. Føremålet med tilskotet har vore å stimulere til ein auka produksjon av storfekjøt og betre kjøtkvalitet. 

Auka produksjon

Etter innføringa av tilskotet har det vore ein auke i den spesialiserte storfekjøtproduksjonen i Noreg, både i talet bedrifter med ammekyr og den gjennomsnittlege storleiken på buskapen, samstundes som det har vore ein monaleg auke i utbetalingane av tilskotet.


I samsvar med WTO-regelverket er det fastsett ei grense for kor stor slaktemengde ein kan gje tilskot for per år. I løpet av perioden tilskotet har eksistert har ein nærma seg denne avgrensinga. Det er gjort endringar av ordninga undervegs for å sikre at regelverket vert fylgt, og det er igjen behov for å setje i verk nye tiltak. I rapporten har vi vurdert ei rekkje aktuelle tiltak, sett opp mot dagens føremål med tilskotet: å gje tilskot for berre ein gitt del av dyret som vert levert til slakt, endre kravet om slakteklasse eller endre kravet om feittgruppe.


Kvaliteten på slaktet vert bestemt ut ifrå det europeiske klassifiseringssystemet EUROP, i tillegg til at det er sett krav til kor mykje feitt det kan vere på slaktet for å motta tilskotet. Kvalitetstilskotet vert gitt per kilo omsett slakt etter satsar fastsett i jordbruksavtalen..

33 Budalen 1 Oskar Puschmann.jpg
Heim til mjølking på Hiåvollen i Endalen. Foto Oskar Puschmann

Omlegging til ei jamnare satsløype

Det er i dag fastsett to satsar for tilskotet: ein sats på 5,50 kroner per kilo for slakteklasse O, og ein sats for slakteklasse O+ og oppover til E+ på 10,50 kroner per kilo. Dagens store skilnadar i sats innanfor klasse O kan gje bonden insentiv til å bruke meir kraftfôr i sluttfôringa for å nå ei høgare slakteklasse. Ein slik auka kraftfôrbruk er ikkje ønskeleg fordi det går på kostnad av grovfôrbruken og beiting, noko som gir ein redusert bruk av norske fôrressursar. Det kan óg føre til feitare slakt som genererer eit overskot av feitt i marknaden. 
På bakgrunn av dette vart Landbruksdirektoratet bedne om å greie ut omlegging til ei jamnare satsløype, ved bruk av fleire satser enn i dag. Etter at tilskotsordninga vart etablert har slakteria innført bruk av lengdemåling når dei klassifiserer storfeslakta. Slakteklassen vert no rekna ut med to desimalar. Dette gjev moglegheiter til å differensiere satsane innanfor ei slakteklasse, samanlikna med i dag då satsane vert fastsett per klasse. 
Landbruksdirektoratet har i rapporten sett på ulike modellar for ei ny jamnare satsløype, korleis modellane vil påverke dei ulike gruppene av storfeprodusentar, og kva ei slik omlegging vil kunne koste.

Heile rapporten finn du her