
Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsatt ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. (gjødselbrukforskrift). Forskrifta gjeld frå 1. februar.
Nye regler sikrer matproduksjonen i Norge og bidrar til bedre forhold i vassdrag
Lurer du på kva som gjeld deg
Den nye forskrifta gjeld bruk av både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Forskrifta har nye reglar som gjeld spreiemengder og spreietidspunkt. Krava gjeld ulikt i ulike delar av landet samstundes som det er overgangsreglar. Forskrifta gjeld også lagring av organiske gjødselvarer som husdyrgjødsel, biorest og avløpsslam.
Nytt er at alle føretak må har gjødseljournal. Det er også eit krav at alle føretak som leverer frå seg eller tek imot husdyrgjødsel utover det som svarar til 75 kg fosfor, må dokumentere dette.
Lurer du på kva som gjeld deg? Landbruksdirektoratet har laga rettleiing med oversyn over krava i den nye forskrifta. Her finn du rettleiinga.
Krav til større spreieareal trer i kraft frå 2027
Det vil vere ei overgangsperiode fram til dei nye krava om fosformengder vil ta til å gjelde.
Fram til 1. januar 2027 kan du spreie dei same mengdene som i dag, dvs. 3,5 kg P pr dekar, men hugs at du no også må rekne med mineralgjødsel.
Til hjelp med å anslå kor myke fosfor som kan spreiast, har Landbruksdirektoratet laga ein enkel kalkulator som kan rekne ut kor mykje fosfor som blir produsert på garden din, og om du har nok spreieareal.
Kalkulatoren er meint som rettleiing, og det må alltid gjerast ei grundigare vurdering for å vite sikkert om du ligg innafor reglane.
Retningsliner om krav til fosforbalanse
I staden for å følgje dei faste grensene for fosformengder pr dekar, kan gardbrukaren frå 1.1.2027 føre rekneskap over fosforstraumane inn til og ut frå føretaket. Når fosforstraumane syner balanse, blir det ikkje gjødsla med meir fosfor enn det som blir tatt ut i avling.
Landbruksdirektoratet har sett i gang arbeid med å greie ut korleis ein slik rekneskap skal setjast opp.
Direktoratet vil bli laga retningsliner for korleis ein skal rekne på tilhøvet 1:1 der fosfor i form av gjødsel og fôr går inn til føretaket og plante- og husdyrprodukt går ut, samstundes som fosfor også tek andre vegar. Mellom anna må det greiast ut kva postar som skal vera med i rekneskapen, kva som skal vera særskilde tal for det enkelte føretaket og kva som skal vera standardtal.
I første omgang vil vi utvikle ein fagleg modell som skal syne kva krav som vil gjelde frå 2027. Siktemålet er at opplegget skal vera klart slik at den enkelte skal vite kva ein har å halde seg til frå hausten 2026. Det vil også bli laga eit enkelt verktøy som er meint til hjelp for bonden, til planlegging og dokumentasjon.
Vil du vite meir om gjødselbrukforskrifta? Då kan du sjå opptak av innlegg som vart halde på Landbruksdirektoratets Kunnskapskonferanse torsdag 13. mars.
Kontakt
Rannveig Bø Fløystad
Send e-postRundskriv
Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. – kommentarer til regelverk
Rundskriv 2025/37
Aktuelt
Nye regler sikrer matproduksjonen i Norge og bidrar til bedre forhold i vassdrag (regjeringen.no) 31.1.2025