Til hovedinnhold

Rekordmange har søkt om sal av grunnkvote

I 2024 er det kome inn rekordmange søknadar sal av grunnkvote. Heile 1 049 eigarar av kumjølkkvote og 33 eigarar av geitemjølkkvote har søkt om sal av grunnkvote. Dette viser ei førebels teljing Landbruksdirektoratet har gjort.

Melkeku på beite.jpg
Melkekyr på innmarksbeite

I år var det andre året eigar av landbrukseigedom med grunnkvote kunne selje 100 % av kvota si privat. Det var også mogleg å selje kvote til staten, dette var valfritt.

I 2024 er det kome inn mellom tre og fire gonger så mange søknadar som i fjor. Til samanlikning kom det inn 118 søknadar i 2022, som var eit normalår der ein måtte selje minst 40 % av kvotemengda til staten.

Maiken.jpg
Maiken Wickstrøm

- Vi var førebudde på at det kom til å kome mange søknadar i år. Både endringar i skattereglar, og moglegheit til å selje 100 % privat i år har sannsynlegvis vore viktige drivarar til det høge søkartalet, seier seksjonssjef Maiken Wickstrøm i Seksjon pristilskot og produksjonsregulering.

Flest ynskjer å selje kumjølkkvote i Trøndelag

Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion, og kor mykje dei søker om å selje privat og til staten (avrunda til nærmaste 1 000). Søknadar som vart sendt inn, men som seinare er trekte, er ikkje tekne med. Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2024.

Søknadar om sal av grunnkvote kumjølk 2024

Produksjonsregionar kuSøknadar om salSal privat (liter)Sal til staten (liter)
Agder372 769 000-
Møre og Romsdal827 309 00044 000
Nordland787 440 000-
Oslo og tidlegare Akershus fylke121 661 000-
Rogaland18219 965 000-
Tidlegare Buskerud fylke181 241 00080 000
Finnmark fylke9926 000-
Tidlegare Hedmark fylke817 802 000-
Tidlegare Oppland fylke14511 460 000-
Telemark fylke11756 000-
Troms fylke161 694 000-
Østfold og Vestfold Fylke232 670 00075 000
Trøndelag24225 088 000-
Vestland1137 932 00029 000
Totalt1 04998 713 000228 000

Søknadar om sal av grunnkvote geitemjølk 2024

Produksjonsregionar geitSøknadar om salSal privat (liter)Sal til staten (liter)
Nord-Norge6277 00051 000
Sør-Norge271 041 000-
Totalt331 318 00051 000

Endelege tal er venta i oktober

Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal, og vil kome tilbake med endelege tal i oktober så snart alle søknadane, og eventuelle dispensasjonar og klager er ferdig handsama.

- Vi har handsama søknadar fortløpande gjennom heile sommaren, og vore tilgjengelege for å hjelpe søkarane i prosessen undervegs. I skrivande stund er om lag 500 søknadar ferdigbehandla, seier Wickstrøm. Ho føyer til at vi er avhengige av at medeigarar og panthavarar på eigedommen samtykker i salet, før vi kan godkjenne det, og at svartida til desse difor også har noko å seie for kor lang tid det tek å få svar på søknaden.

Når endelege tal er klare i oktober, vert dette publisert på Landbruksdirektoratet sine sider for statistikk.

Ikkje mogleg å kjøpe grunnkvote frå staten i år

228 000 liter kumjølkkvote som vert selt til staten i år, vert ikkje seld ut att i år, men vert samla opp til omsetningsrunden i 2025.

Det er heller ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2024.

 

Til toppen AI-powered search

KI søk