Gjennomsnittsprisane på jordleige i Noreg i 2026 har i hovudsak halde seg stabile samanlikna med 2025. Prisane på leige av jord til dyrking av gras, korn, grønsaker og potet har auka , mens jordleigeprisane for innmarksbeite har gått litt ned. Prisen på å leige jord for utmarksbeite er den same som i fjor.
Jordleigeprisar 2026 (kr/daa eks. mva) | 2026 | Endring siste år (kr/daa eks. mva) |
Grasdyrking | 272 | 3 |
Korndyrking | 406 | 6 |
Potetdyrking | 712 | 14 |
Grønsaker/bær | 885 | 17 |
Innmarksbeite | 71 | -2 |
Utmarksbeite | 14 | 0 |
Tabellen syner årets gjennomsnittlege jordleigeprisar på landsbasis for ulike utleigeføremål og endring frå 2025-tala. Tala er basert på innrapporterte gjennomsnittsprisar frå kommunane, som så er vekta med kommunanes leigde jordbruksareal. Dei må lesast med dette atterhaldet.
Regionale forskjellar
Sjølv om gjennomsnittstala syner små endringar, er det større skilnader i dei einskilde regionane. Til dømes ligg gjennomsnittleg pris for leige av jord til grasdyrking på same nivå som i 2017. Men det er stor geografisk variasjon i etterspurnad etter grasareal. I enkelte kommunar kostar det opp mot tusen kroner per dekar å leige jord på gode areal, medan slike areal vert leigd ut utan vederlag andre stader. Mange stader er det god nok betaling i seg sjølv at jorda vert heldt i hevd, syner undersøkinga.
Jord til grønsak- og bærdyrking har dei høgaste leigeprisane. Etter ein oppgang i 2025, gjekk prisen igjen opp med 1,9 prosent i 2026.
Pålitelege tal
Svarprosenten er i år 90 prosent, som er på same nivå som fjoråret. Datagrunnlaget vurderast derfor som relativt solid i alle regionar. Likevel kan enkeltkommunar ha stor innverknad på resultata, spesielt når det gjeld potet- og grønsak og bærdyrking, der det er få observasjonar. Årlege endringar bør difor tolkast med varsemd, mellom anna fordi tal frå nye kommunar kan påverke gjennomsnittet.
Om jordleige- undersøkinga
Landbruksdirektoratet sender kvart år ut ein førespurnad til kommunane om å rapportere jordleigeprisar. Desse prisane er ein del av det totale talgrunnlaget for å kunne analysere forholda for dei ulike jordbruksproduksjonane i ulike deler av landet.
I undersøkinga ber vi kommunane opplyse om gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på produksjonane grasdyrking, korndyrking, potetdyrking, grønsak- og bærdyrking og innmarks- og utmarksbeite.
For jord som blir nytta til korn- eller grasproduksjon ber vi også om at det skiljast på «god» og «dårleg» jord. Med «dårleg» jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord eller jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg eller har lite nyttig inndeling.
Resultata frå undersøkinga er basert på prisane kommunane har rapportert i kroner per dekar per år, utan meirverdiavgift (mva).
Årlege endringar kan tolkast som endringar i betalingsvilje for jord, og indirekte som ein indikator på endringar i lønsemda i jordbruket. Ein bør likevel være varsam med slike tolkingar, ettersom resultata kan være sterkt påverka av kvaliteten på datamaterialet.