Grensene for kor mykje fosfor som kan tilførast jordbruksareal skulle setjast ned frå 1.1.2027, jamfør gjødselbrukforskrifta (forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv). Som eit alternativ til å følgje dei absolutte grenseverdiane for fosfortilførsel skulle det frå same tidspunkt bli høve til i staden å følgje krav til fosforbalanse.
Landbruks- og matdepartementet melder at endringane blir utsett med eitt år, til 1.1.2028. Årsaka til utsetjinga er at reglane for fosforbalansealternativet ikkje er klare. Å rette seg etter krav til fosforbalanse kan vere eit aktuelt alternativ for bønder som haustar store avlingar.
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet førebur høyring av forslag til endringar i forskrifta. Endringane vil gjelde nedtrapping i fosformengder som kan spreiast og reglane for fosforbalansealternativet.
Elles vil forskrifta gjelde slik som tidlegare bestemt. Dei skjerpa krava til spreiefrist skal framleis gjelde frå 2027.
Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har jobba med utgreiing av fosforbalansealternativet over lengre tid, sjå mellom anna rapporten «Fosforbalanse for gårdens arealer». Landbruksdirektoratet jobbar òg med utvikling av eit digitalt støttesystem for utrekning av fosforbalanse. Vi held fram med førebuingar og rettleiing slik at næringa i god tid skal vite kva krav som vil gjelde frå 1.1.2028.