Utbreiing, populasjonsstorleik og flygeperioden til plommeveps og plommeviklar vart i 2023 undersøkt i dei viktigaste fruktområda. Plommeveps vart registrert i Ryfylke og Viken, og i eitt av felta i Ryfylke var skaden rundt 25 %. Plommeviklar vart funne i Sogn, Hardanger, Ryfylke og Viken, men ikkje i Nordfjord. Resultata frå Viken tyder på at det kan vera to generasjonar av plommeviklar på Austlandet.
Fleire år med registreringar er naudsynt for å kunna seia noko om tal generasjonar og eggleggingsperiode.
Feromonforvirring og bølgepapp vart testa som tiltak mot plommeviklar. Det vart funne svært få vaksne hannar i feller i feromonbehandla felt, noko som tyder på at metoden fungerar. Feromonforvirring reduserar bestanden av viklarar på sikt, og for å vurdera effekten er det svært viktig å fylgja opp dei same felta over fleire år. Bølgepapp rundt trestammene vart prøvd i to felt med mykje plommeviklar.
I fylgje litteraturen overvintrar plommeviklar som larver i barksprekker og bølgepapp kan simulera barksprekker, men det vart berre funne eit par mogelege plommeviklarlarver. Overvintringsstaden til plommeviklar bør difor undersøkjast nærare.
Førekomst av naturlege fiendar vart undersøkt i bølgepappen og det vart funne særleg mykje edderkoppar. Då det ikkje vart funne larver var det ikkje mogeleg å undersøkja førekomst av mellom anna insektpatogene sopp og snylteveps. Resultat frå prosjektet er formidla til fruktprodusentar og rettleiingstenesta.
Les meir her:
Norsk Frukt og bær nr. 2/2023: Oppstart av prosjektet
Plommeveps – vaksen
Plommefrøviklar larve
Plommefrøviklar vaksen