Vi har undersøkt marknad og partnere med tanke på å skille ut mjølk frå bevaringsverdige kurasar og lage spesialprodukt for å selge til ein kvalitetsbevisst restaurant- og butikkmarknad.
Vårt mål var å avklare Tine sin rolle og bidrag, både på innhenting av råvare, produksjon, marknadsføring og produktutvikling. Vidare avklare kven av handverkysteria som er interessante å gå vidare med i utvikling av nye produkt. Og auke kunnskapsgrunnlaget om mjølkeprodukt til Urfe-miljøet.
Vi har vori i kontakt med nokre av ysteria i lista til Norsk Gardsost, og også treft fleire på ystekurs og på VM i Trondheim i 2023. Vi har også testa mjølk frå ulike mjølkebønder med nrf, stn og fjordfe ved å samanlikne rømme, i eit forsøk/ studentoppgåve ved NTNU. Saman med Valdresmeieriet har me fått utvikla ein fast, modna ost med svært gode resultat i smakstestar. Vi planlegg forsiktig oppskalering no i vinter med testsalg mot Norgesgruppen og hotell/ restauranter til hausten. I samarbeid med Valdresmeieriet og Tine råvare. I tillegg har vi starta utvikling av kvitmuggost i samarbeid med NTNU.
Nye Urfe AS vart stifta i juni 2024 og starta opp drifta i september. Selskapet vil bli rigga for å selge ost og andre mjølkeprodukt.