Forprosjekt/ vidareutvikling - kommersiell satsing på kjøtt og mjølk frå bevaringsverdige, norske mjølkeferaser
Prosjektfakta
Prosjektnummer | 289128 |
Prosjektleder | Ola Hammer Langleite |
Prosjekteier | URFE SA |
Samarbeidspartnere | NIBIO Norsk genressurssenter |
Prosjektperiode | 01.05.2025 - 15.01.2027 |
Ordning | |
Prosjekttype | Husdyr |
Midlene innvilget av | Landbruksdirektoratet |
Innvilget | 400 000 kr |
Resultatrapport | Avsluttet |
Prosjektbeskrivelse
Nye Urfe AS skal altså selge kjøtt (og mjølkeprodukt) til ekstra kvalitetsbevisste horeca og butikkar i Norge.
Det er store utfordringar knytt til logistikk på både mjølk og slakt, foredling, distribusjon og salg. Kostnadene blir store pr enhet, betydeleg større enn for "konvensjonelle" volumprodukt. Dette krev at vi greier å treffe ein kvalitetsbevisst marknad og treffe dei mest betalingsvillige kundane i kvart segment, slik at meirverdi blir større enn meirkostnad.
Prosjektet omfattar heile verdikjeden "frå bås til bord" :
(1) Vi skal kartlegge produsentane, inngå avtaler på levering av slakt og mjølk, utvikle eit kvalitetssystem med definerte kriterier til råvarene og kalkulere pristillegg. Felles kriterier til råvarene (bransjekrav) vil vere nyttig også for andre aktørar som foredler og omset mjølk og kjøtt frå bevaringsrasene. Det blir også store mengder informasjon og kunnskap om rasane tilgjengeleg i prosjektet.
(2) Vidare skal vi få til avtaler og rutiner med private slakteri, Nortura og Tine råvare. Trøndelag er pilot på kjøtt mens Valdres er pilot på mjølkeprodukt(ost). Vi skal utvide geografisk på slakt,og har allerede planlagt henting av første dyra på Østlandet i februar (Rødkoller).
(3) Utrede logistikk på foredling av kjøtt og inngå avtaler, starte testproduksjon. Kartlegge fleire aktørar. Vi planlegger å utvide til Østlandet allerede i vinter, kanskje også Sør-Vest og Nord allerede i løpet av 2025. Utforme opplegg som sikrer sporing på mjølk og kjøtt. For mjølka, som blir eit blanda produkt, må vi definere krav til innhald/ andel mjølk frå bevaringsrasar. Arbeidet har overføringsverdi for produsentar med eiga foredling og omsetning, og for andre akørar
(4) Marknadsutvikling i samarbeid med store kundar/ samarbeidspartar/ marknadsaktørar; Urfe AS har begynt å knytt seg til ein stor aktør på burgere i Oslo, til Unil (horeca grossist i Norgesgruppen), til Norgesgruppen butikksortiment (Jacobs + nokre få Meny og Spar), og til Domstein sjømat (horeca-grossist i Trøndelag). Alle 4 er store, kommeriselle aktørar som ser verdi i både kvalitet, historie og verdiar som landrasene representer. Via desse når vi ut til eit stort publikum! Vidare marknadssøk for å finne fleire interessante marknadsaktørar. Utvikle distribusjonsløysningar i samarbeid med desse. Marknadsarbeidet er også informasjonsarbeid, og vil skape ei merksemd og etterspurnad etter råvarer frå landrasene og interesse for rasane. Det vil også komme enkeltprodusentar og andre aktørar til nytte.
(5) Produktutvikling og vidareutvikle sortiment. Urfes sortiment vil gje inspirasjon til produsentar med eiga foredling og omsetning og til andre akørar, og har dermed direkte overføringsverdi.
(6) Utarbeide eit skikkeleg informasjonsmateriell for opplysningsarbeid og innsalg –berekna på kokkar/servitører/ butikkpersonale og forbrukarar. Informasjon hentes på andre måtar/ andre plattformar i dag enn for 10 år sidan (gamle Urfe AS – til 2016). Digital kommunikasjon har erstatta papirbasert materiell.
(7) Forbrukartester/ demo i butikk: teste holdningar til stedegenhet, berekraft, sensorisk kvalitet og pris Vi vil informere om dei gamle mjølkerasane, kulturen dei representerer og presentere smaksprøver til både butikkpersonale og kundar. Samtidig vil vi observere kjøpsatferd og få nyttige tilbakemeldingar på både pris og produkt.
Mål
Hovudmålet med prosjektet er tredelt:
-
betre lønsemd for produsentar som driv berekraftig produksjon på gamle, norske mjølkeferasar gjennom meirprisutbetalingar, gjennom lønnsom verdikjede opplyse forbrukarane om berekraft, bevaringsverdige norske mjølkeferasar og kulturen rundt.
-
Opplyse det same til resten av verdikjeden; marknadsaktørar, foredlingsbedrifter og produsentar (også produsentar utanom landrasemiljøet). Og det samme til andre organisasjonar og offentlege nistansar som er landbrukstilknytta
-
I forstudiet gjorde vi ei utredning som bidrog til å auke kunnskapen om marknad og nettverk. Med dette leggje grunnlag for forretningsutvikling og bedriftsetablering. Bedrifta (nye Urfe AS) er no etablert og er i første utviklingstrinn. Vi treng fortsatt noko meir informasjon, men vil i denne fasen gå eit steg lenger:
Delmål:
-
Bestemme felles bransjekrav/standarder for produkt frå landraser
-
Etablere avtaler med produsentar, marknadsaktørar og foredlingsledd
-
Utvikle og etablere beregningsmodell for pristillegg for mjølk og kjøtt
-
Auke talet på produsentar som får pristillegg/ meirbetaling for mjølk og kjøtt.
-
Utvikle nye marknader (vil gje auka pristillegg/ meirverdi).
-
Utvikle differensierte høgkvalitetsprodukt av mjølk og kjøtt frå gamle raser og nye produkt/ styrke eksisterande produkt (vil gje auka pristillegg/ meirverdi)
-
Skaffe meir kunnskap om marknaden og skaffe meir kunnskap om primærproduksjonen.
Resultat
Hovudmålet med prosjektet var todelt :
-
betre lønsemd for produsentar som driv økologisk eller grasfora produksjon på gamle, norske mjølkeferasar :pristillegg på 6,50,-kr pr kg slakt (meirpris på rundt 15 % av slakteverdi) har allerede bidratt positivt til økonomien for dei produsentane frå Trøndelag, Østlandet, sør-vest og nord som har levert slakt hittil. Til no (prøveperioden frå september -24 til april-26) har driftsselskapet Urfe AS teke mot drygt 220 slakt frå rundt 45 produsentar. Begynnende pristillegg på mjølk til produsentar i Valdres, til no er ysta mellom 9 og 10 000 liter mjølk
-
opplyse forbrukarane om berekraft, økologisk produksjon og gamle, norske mjølkeferaser. Opplyse det same til resten av verdikjeden; marknadsaktørar, foredlingsbedrifter og produsentar (også produsentar utanom landrasemiljøet). Og det samme til alle landbrukstilknytta organisasjonar inkludert det offentlege. Vi har allerede bidratt med mykje opplysning til marknadsaktørar, foredlingsbedrifter og produsentar, men også til restaurantgjester, butikkkundar og øvrig publikum
Urfe AS har begynt å få produkta ut i marknaden og hente ut meirverdi. Med det er det også starta å få ut informasjon og bygge omdømme for berekraftig husdydrift. Auka antal kyr av bevaringsverdige raser blir det viktigaste resultatet av prosjektet på sikt. Vi kan også nemne at to andre, konkurrerande aktørar ; nye Dalir slakteri på Otta og Røros kjøtt i samarbeid med Spesialgrossisten og Coop Midtnorge er ute i marknaden med kjøtt frå gamle rasar. Vi veit at dette er etter direkte kontakt og inspirasjon frå prosjekta i Urfe Sa.