Lund Bygdemuseum og Kulturbank er eit kommunalt museum. Det blir hovudsakleg drive med kommunale midlar. I 1990 vart det starta opp ei venneforeining som samarbeider med kommunen med drifting av museet. I 1991 vart det halde ei epleutstilling med historiske eplesortar ved museet. Dette førte igjen til at det i 1992 vart samla inn ca. 60 eplesortar og nokre pæresortar. Dette vart gjort ved at det vart skore podekvister på gamle epletre i Lund kommune. Desse podekvistene vart så sende til Lyngdal jordbruksskule for poding våren 1992. Samtidig gjorde museet ein avtale med Opplysningsvesenets fond om bruk av ein jordteig i nær tilknyting til museet. Her vart så frukthagen etablert. Alt dette arbeidet skjedde i nært samarbeid med Statskonsulenten i hagebruk Even Bratberg som også var ein viktig pådrivar i prosjektet. Seinast 1.1.2010 vart det inngått avtale med Norsk genressursenter på Ås som har verka fram til 2018. Ny avtale er signert frå februar 2018.
Frukthagen blir driven av venneforeininga ved museet i samarbeid med kommunen. Venneforeininga står for alt arbeidet som gjeld det fruktfaglege. Alt frå rydding, skadedyrnedkjemping, gjødsling, fornying av sortar og ikkje minst nedklipping. Det blir brukt skuleelevar i ein del ryddearbeid i samband med nedklippinga. Det er også halde skuletimar for elevane med ulike demonstrasjonar, mellom anna i poding.
I tillegg så arrangerer venneforeininga ulike tilstellingar for befolkninga. Eplesøndagane i september på Moi er etter kvart godt kjende og veldig populære i heile regionen.
Lund kommune, ved driftsetaten, slår hagen med plenklipparane sine og var også behjelpelege med å gjerde inne hagen i si tid. Dagleg leiar for museet er og projektansvarleg og er tilsette av kommunen. Kommunen står også for annonsering av arrangement.
Frukthagen blir driven tilnærma økologisk.