Prosjektfakta

Prosjektnummer 

 317300 

Prosjektleder 

Ola Hammer Langleite 

Prosjekteier 

URFE SA 

Samarbeidspartnere 

Norsk Genressurssenter 

Prosjektperiode 

 01.08.2026 - 31.03.2027 

Ordning 

Tilskudd til genressurstiltak – husdyr, planter og skogtrær

Prosjekttype 

Prosjekt 

Midlene er innvilget av 

Landbruksdirektoratet 

Innvilget 

 Kr 320 000 

Resultatrapport 

Pågår 

Prosjektbeskrivelse
  1. Horisontalt samarbeid : I 2005- prosjektet har me skaffa informasjon om andre aktørar og enkeltprodusentar med eiga omsetning av kjøtt frå gamle raser. I denne delen skal me gå eitt steg vidare og utrede samarbeidsmulegheiter med desse. Wulff sel i dag kjøt frå Stn til Coop med nemning Rørosfe. Urfe AS og Wulff har vori i kontakt om å auke råvarestrømmen av slakt frå gamle raser. Wulff får i dag kun råvarer frå Røros slakteri. Fordelen vil vere at vi skalerer opp slaktinga fortere slik at fleire produsentar får verdiauke på sine slakt fortare
     
  2. Produktutvikling : Me vil sette saman eit produkttilbud for direktesalg, utvikle eit mjølkeprodukt i samarbeid med Tine, ein rødkittost i samarbeid med lokalysteri i Trøndelag, vidareutvikle «dry-age» burger og skavkjøtt. Det vil ha overføringsverdi og inspirere andre produsentar
     
  3. Me har utreda logistikk på foredling av kjøtt, inngått avtaler og starta testproduksjon. På Trondheim slaktehus er utviklingsjobben gjort og rutinene fungerer. Mesteparten av Urfe skjæres her-så det er ikkje del av dette prosjektet. Hjå Jens Eide har me kun  hatt testproduksjonar på totalt 10 Urfe-slakt. Jens Eide er ei stor bedrift, og vi ser at vi må jobbe meir med å tilpasse rutiner til Urfes kundebehov og logistikk. Det er også aktuelt å kartlegge Hadeland Viltslakteri og Reboli i Valdres som alternativ til Jens Eide, hvis vi ikkje lykkes der. Det er også utfordringar med oppskalering av Urfe Valdresost hjå Wangensten som vi må løyse.
     
  4. Innarbeide forkrav/ slaktekrav (som vart utarbeidd i 2025-prosjekt) : Forsøke forankre dette i heile gammelrase-miljøet i Norge.
     
  5. Marknadsutvikling: Urfe AS har starta samarbeid og gjort mindre testsalg gjennom større marknadsaktørar (aktørane er nevnt i kapittel om «bakgrunn for prosjektet» Alle 4 er store, kommeriselle aktørar som ser verdi i både kvalitet og historie som landrasene representer. Her vil me gå litt lenger og teste metodikken på fleire. Å informere fleire horeca og butikkar og marknadsaktørar, er også viktig informasjonsspreiing
     
  6. Forbrukartester/ demo i butikk : teste holdningar til stedegenhet, berekraft, sensorisk kvalitet og pris samt informere om dei gamle mjølkerasane, kulturen dei representerer. presentere smaksprøver til både butikkpersonale og kundar.
  1. Logistikk utvikling: Logistikken på Urfe råvarer inneber kostbar handtering av små volum. I oppstarten og tidleg i prosjektperioden, har kostnadene for Urfe AS vori ekstra høge. Lite salg- og slaktevolum i oppstarten gjev meir handtering av varer på kolli-nivå (kartong og plast-bakker) og dei fleste produkt handteres på mix-paller (paller som inneheld forskjellige varer i staden for eit vareslag pr pall) Vi må jobbe med leverandørar og logistikkplanleggjing for å få ned frakt- og lagerkostnadene spesielt på Østlandet og Trøndelag
     
  2. utrede mulegheiter for  oppstart av eit nytt selskap med spissa satsing på mjølkeprodukt
     
  3. Ei verdikjedesamling i Nordland eller Vestland
     
  4. Utarbeide engelske tekstar,  teste ut Instagram og Facebook som kanalar for informasjonsformidling direkte til forbrukarar og innhaldsarbeid på kundedelen av websidene

 

Mål

Hovudmål med prosjektet :

  1. betre lønsemd for produsentar som driv produksjon på gamle, norske mjølkeferasar
    1. pristillegg på 2000 slakt/ 380 tonn, dvs ca 2,5 millionar kroner til produsent (inkludert Urfe AS, Dalir og Røros kjøtt) innan 2-4 år
    2. pristillegg på 2,5 millionar liter mjølk/ 1,8 mill kroner (70 øre pr liter) innan 10 år
  2. opplyse forbrukarane om berekraft og gamle, norske mjølkeferaser. Opplyse det same til resten av verdikjeden ; marknadsaktørar, foredlingsbedrifter, produsentar (produsentar i og utanom landrasemiljøet) og forbrukarar og landbrukstilknytta organisasjonar

Prosjektet skal legge grunnlag for forretningsutvikling og betre lønsemd som kjem produsentane til gode.

 

Delmål :

  • Auka kommersielt salg av mjølk og kjøtt frå gamle raser for alle aktørar (Urfe AS, nisje- og større aktørar som nevnt)
  • Balansert salg til god pris gjennom effektive verdikjeder
  • Meir kunnskap om berekraftig husdyrdrift og om gamle raser blant forbrukarar, marknadsaktørar, foredlingsledd og bønder
  • Felles kvalitetsstandard på råvarene i bransjen
  • Samling for produsentar, kokkar og andre interessentar i Nordland eller Vestland