Sikring av den norske genressursen kveik
| Prosjektnummer | 219315 |
| Prosjektleder | Atle Ove Martinussen |
| Prosjekteier | Stiftinga Vestnorsk kulturakademi |
| Samarbeidspartnere | Vestnorsk kulturakademi, Norsk genressurssenter, CBU |
| Prosjektperiode | 30.06.2023 - 30.06.2025 |
| Ordning | Tilskudd til genressurstiltak - husdyr, planter og skogtrær |
| Midlene innvilget av | Landbruksdirektoratet |
| Innvilget | 700 000 kroner |
| Resultatrapport | Avsluttet |
Prosjektbeskrivelse
Kveik er ei nemning på ein domestisert gjær (mikroorganisme), som har vore i bruk i norsk gardsbrygging i generasjonar langt tilbake i tid. Opphavet kan gå tilbake til då landbruket vart etablert på Vestlandet for ca. 5000 år sidan. Forsking viser at kveik er ei eiga genetisk gruppe av gjærsoppen Saccharomyces cerevisiae med andre fenotypiske eigenskapar som høgare fermenteringstemperatur, raskare fermentering og eit rikare utval av smaksstoff.
Vi veit i dag om ca. 40 ulike opphavlege kveikar i Indre Vestland. Sentralt fokus i prosjektet er å få gjennomført ei fullstending fysisk innsamling av dei opphavlege kveikane, og få sikra desse genressursane i ein kveik-genbank på Vestnorsk kulturakademi (VKA) og hos Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som grunnlag for forsking, innovasjon og utvikling. I prosjektet vil ein sikre dei opphavlege kveikane i Indre Vestland. I tillegg vil vi fortsetje arbeidet med innsamling av DNA-prøver (historiske prøvar) av gammalt bryggarutstyr tilbake til før 1700. NIBIO Bergen, i samarbeid med Vestnorsk kulturakademi, har brukt interne midlar og fått litt forprosjektmidlar frå Regionalt forskingsfond Vestland, som er blitt brukt til ei begynnande innsamling av kveik og til å ta historiske DNA-prøvar i regionen Voss.
Mål
Hovudmål med prosjektet er å samle inn, ta vare på, karakterisere og DNA-dokumentere alle Kveik-gjærstammene, som framleis er å finna på Vestlandet til bruk for framtidig verdiskaping og innovasjonsformål. Potensialet for verdiskaping er særleg stort innan landbruket sett i høve reiseliv, både for norske og utanlandske turistar. Utanlandske journalistar har peika på at eldhustradisjonane med tradisjonell brygging av øl med kveik og tradisjonsmat er heilt unikt og vil trekkja mange turistar til kveik-regionane
Resultat
Det er samla inn 58 gjær-prøvar, som er dyrka, utført DNA-analyse og oppretta ein Kveikbank på Voss. Prøvane er samla inn i heile Kveik-regionen frå Sunnmøre, Geiranger Eidsdal, Sogn, Lærdal, Hornindal, Nordfjordeid, Hardanger og Voss. Genressursbanken (Kveikbanken) på Vestnorsk kulturakademi vart offisielt opna 17.08.2024. Kveikbanken er oppe og går med laboratorieinnreiing (benkar, vask, varmt og kaldt vatn, overskap og flyttbart bord), liggande frysar (ca 30 grader minus), dobbelt kjøleskap og laboratorieinkubator med risting og ein del glasvarer og eingongs-materiell. Laboratoriet manglar framleis autoklav, pipetter, kjemikaliar, ekstra arbeidsbenk og mindre laboratorieutstyr, som krev ytterlegare finansiering for å få på plass. Kveikbanken er no ein nasjonal genressursbank og det er inngått samarbeidsavtale med Norsk genressursenter og NIBIO. Per i dag er det sikra 42 prøvar i Kveikbanken på Tvildemoen på Voss, men det er så langt kun 25 som er positivt identifisert som kveik-gjær ved DNA analyse og bioinformatikk I laboratoriet er desse kveikane frose ned til ca. 30 grader minus på glyserol. I tillegg er alle kveikane frosne ned på glyserol til 80 grader minus hos NIBIO Ullensvang. Vi har 10 frosne røyr av kvar kveik, og kan dyrke opp desse kveikane etter behov. Det er allereie dyrka opp 10 av kveikane i inkubator og fleire av desse har vore ute hos bryggarar til prøvebrygging med godt resultat.
Av dei 58 prøvar som ut frå dokumentasjonen kunne vera kveik-gjær ville 5 prøvar ikkje gro, 2 prøvar blei påvist som annan gjær, 25 blei påvist som kveik-gjær med DNA analyse og 25 som kun er DNA sekvensert men ikkje bioinformatisk analysert, og 1 som er utan analyse. Vi har funne og samla inn fleire kveikar enn dei ca 30 som var kjent ved oppstart av prosjektet. Resten av den genetiske analysen og oppdyrking til kveikbanken i 10 røyrer planlagt til i nytt prosjekt (VKA og NIBIO har no fått innvilga 254 750 kroner i genressursmidlar frå LD i 2025/2026)
Seminar/møte med kveikeigarar og jurist er utsett til våren 2026. Det vil bli gjennomført ved VKA på Voss som del av tilleggsprosjektet.
Innsamlinga og kartlegginga av kveik er kome langt, men prosjektet har avdekka at det er meir å samle inn – særleg om ein også går inn på meir historiske prøvar (gamle gjærprøvar frå historisk bryggjeutstyr). Oppsummert er no samla inn nærare det doble av kveik enn det ein kunne venta seg ut frå tidlegare skriftelege kjelder. Vi har til no i prosjektet genomsekvensert 25 kveik-gjær typar (64 ulike isolat), og analysert desse med DNA sekvensering og bioinformatikk og plassert dei i eit fylogenetisk slektstre. Dei resterande innsamla gjær-prøvane er no levert til DNA-analyse. Det er i tillegg samla inn over 250 historiske prøver frå gamle ølkjerald, øltønner og gilsaoar (gjæringskar). Nokre av desse er analysert i samarbeid med Globe Institute (Universitetet i København). Det gjeld m a analyse av ein gjærstokk frå 1700 talet frå Hardanger, der vi har funne gjær som er kveik. Vi har og gjort funn av kveik-gjær i prøvar frå ei øltønne og ein gil frå Voss som er ca. 100 år gamle.
Analysane så langt viser at mikroorganismen kveik er svært gammal. Bioinformatiske analyser gjort tidlegare i prosjektet tyder på at kveiken vi har i dag kan vera minst 1000 år gammal. Dei siste bioinformatiske analysane gjort i haust viser at gjærsoppen kveik kan vera 4 000 - 8 000 år gammal. Vi kan av den grunn kalla dette ein urgjær.
Det er heilt klart at omfanget av innsamling, kulturhistorisk dokumentasjon, DNA-sekvensering og bioinformatiske analysar er større enn antatt (jfr ny innvilga søknad om tiltaksmidlar for 2025/2026). Både den fysiske mikroorganismen og den immaterielle kulturarven knytt til bruk av kveiken er overført frå generasjon til generasjon, domestisert og forvalta av bøndene opp gjennom tidene. Kveik er framleis i bruk innanfor heimabrygging av øl i Indre Vestland. VKA held kurs i brygging av øl med kveik for å sikra vidareføring av den immaterielle kulturarven. Vi sit sannsynlegvis med ein av verdas eldste levande ølbryggartradisjonar. Desse eldgamle kulturtradisjonane, og kulturarv knytt til dette, er i ferd med å forsvinne. Det vil vera viktig å sikre dette for framtida.
Vi har funne potensiell kveik på fleire geografiske stader, der det i dag ikkje lenger er kveik i bruk til brygging, m a i Kinsarvik, Geiranger og Vossestrand. Vi har fått liv i alle desse. Vi tek med ein historie om gjenopplivinga av ein gjær som er over 50 år gammal . Rester av denne kveiken vart funnen på Hus gard i Kinsarvik, der ein slutta å bryggje for over 50 år sidan. Den siste brygginga her er filma av NRK i 1973 og filmen kan sjåast på nrk.no: «Drik, venner kjære, mitt øl velunt skal være»
Vi kontakta familien på Hus Gard og etter mykje leiting fann dei ein ring med fletta hestehår (kveik-ring) med litt restar etter gjær. Denne kveikringen var i bruk under brygginga i 1973. Gjærrestane vart lagt til dyrking og vi fekk liv i gjæren. Denne gjæren kan no dyrkast opp og vi kan levere gjæren tilbake til Hus Gard og brygginga kan fortsetja etter ein pause på over 50 år.
Vi er i ferd med å publisere ein artikkel om kveikforskinga som skal presentere resultata så langt i forskinga.