Presisjonslandbruk har potensiale til å gi vesentlege agronomiske, miljømessige og økonomiske gevinstar. Presisjonsutstyr må vite eksakt posisjon. Den greiaste løysinga er å bruke satellittbaserte posisjonssignal. For landbruket er ikkje slike signal åleine nøyaktige nok, så dei må kombinerast med korreksjonssignal. To satellittar rett ut frå ekvator distribuerer gratis korreksjonssignal. Meir presise alternativ kan kome via andre satellittar eller via mobilnettet, men som regel til ein kostnad.
Dette prosjektet er eit framhald frå tilsvarande prosjekt gjennomført i 2019-2020. Begge har Landbruksdirektoratets Klima- og miljøprogram som si primære finansieringskjelde. Vi har brukt det same posisjonsutstyret som bøndene kjøper til bruk i sine traktorar og montert dette i ein høveleg bil. Med denne har vi har køyrd landet rundt for å sjekke posisjonssignala, har vi også stoppa for å møte og informere bønder og andre undervegs, og dermed bidra til å heve kunnskapen om presisjonslandbruket.
Til enkel bruk er tilgangen på gratis korreksjonssignal god så sant der ikkje er sikthindrande fjell mot sør. Der det finst slike sikthinder, er det mogeleg å køyre utan korreksjon, så sant mottakaren evnar å kombinere dei tilgjengelege satellittsignala frå ulike GNSS-system. Kvaliteten på nemde løysingar er frå temmeleg god til akseptabel ved køyring spor mot spor, men ikkje god nok for presise gjentak over tid.
Ved behov for repeterbar posisjonering er RTK-signal frå Kartverketi ei svært god løysing, som fungerer alle plassar det er dekning for mobildata. Vi har målt særs god nøyaktigheit med RTK.
Ulike mellomløysingar frå utstyrsleverandørane er også prøvd ut. Desse fungerer godt under dei fleste forhold, med visse atterhald.
Gjennom prosjektet har vi bygd opp mykje erfaring og kunnskap. Vi kan no gi klare svar til bønder om val av utstyr og signal, ut får kor dei held til. Alt utstyret vi har prøvd kan fungere godt når forholda ligg til rette, og det gjer dei stort sett.
Norske bønder har stadig betre kunnskap om presisjonsutstyr, men spennvidda er svært stor. Det er framleis turvande å bygge- og formidle kunnskap om dette i stor breidde.
Som einaste aktør frå landbruket har vi vore med på den såkalla jammetesten på Andøya, i regi av mellom andre Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Kartverket. Systema vi brukar i landbruket er like utsette for å bli forstyrra av jamming og liknande signalforstyrringar som andre system. Norske bønder erfarer at dette ikkje er noko stort problem.
Vi har fått innspel om at høgspentlinjer kan gi driftsforstyrringar på posisjonsutstyret. Dette har vi sett på saman med mellom andre Lnett og Nkom. Det er ikkje tvil om at bonden meiner å oppleve driftsforstyrringar, men der er ikkje gjort målingar som kan underbygge dette. Såleis er dette eit uavklara tema.
Systema og signalnivåa vi har hatt i bruk har god presisjon spor mot spor, tidvis betre enn det som er lova. Repeterbarheita samsvarer godt med det som blir marknadsført.
Vi har ikkje gjort utrekningar på lønsemda ved bruk av ulike system, då det ikkje har vore tema for dette prosjektet. Lønsemd er eit viktig spørsmål som er vanskeleg å gi eintydige svar på. Vår påstand er at dei enklaste systema er til såpass gagn at dei svarer seg for nesten alle brukargrupper. Derimot er det verre å skissere grensene for når det løner seg med høgare signalkvalitet (RTK eller tilsvarande) og autostyring.
Les meir om prosjektet hos NLR.
Sluttrapport fra prosjektet finner du her.