Hovudmålet med prosjektet er å kartlegge sentrale agronomiske utfordringar i småskala, økologisk grønsaksproduksjon, og systematisere desse. Vidare vil prosjektet byrje arbeidet med å prøve ut tiltak som kan løyse nokre av næringas agronomiske utfordringar, gjennom anlegg av eit pilotfelt. Resultata frå kartlegging og felt vil også kunne danne grunnlag for vidare prosjekt med større omfang, som anlegg av felt frå fleire klimaområder ved å involvere fleire av NIBIOS forskingsstasjonar i ei utvida utprøving av tiltak mot eit større utval av utfordringane kartlagt i prosjektet. Resultat frå vidare kartlegging og felt kan på sikt nyttast inn i arbeidet med å bygge eit kunnskapsgrunnlag for ein framtidig dyrkingsrettleiar for marknadshagar og økologisk småskala grønt.
Møta i prosjektet vil i tillegg fostre kontakt og kunnskapsdeling mellom økobønder, og samspel mellom marknadshagane og det etablerte nettverket rundt. Ein formalisering av kunnskapen til marknadshageaktørane kan bidra til langsiktig tilpassingsevne med klimaendringar, og det kan bidra til at fleire økologiske bedrifter blir læringsarenaer og engasjerer seg i dei nye fagbreva Landbruksfag og Landbruk og gartnar.