Den viktigaste faktoren for å lykkast med investering og ombygging til lausdrift er god planlegging. For små og mellomstore buskapar vil det vere viktig for bonden sjølv å «eige» sitt prosjekt i større grad enn ved nybygg. Rådgjevaren må da i større grad vere ein diskusjonspartnar for bonden. Målet vil vere å støtte bonden for slik å kunne finne den beste løysinga for garden og bonden sjølv, dette vil i stor grad gå på kva ressursar som er tilgjengeleg og bonden sin eigne interesser og kompetanse. Det vil vere viktig å gå nøye igjennom kva som kan bli valt frå ved ei investering i fjøs, eller kva som kan bli investert i på eit seinare tidspunkt, for slik å få ei lønnsam og god drift i heile driftsperioden til bonden.
Det er ingen forskjell på dyrevelferd og hygienisk kvalitet på produkt frå desse fjøsa samanlikna med andre lausdriftsfjøs. Viktige føresetnader for dette er at kyrne har lik og jamn tilgang på fôr heile døgnet, det må måkes/gjerast reint i husdyrarealet fleire gonger for dag og det må vere minst like mange båsplassar som kyr.