Urfe AS har begynt å få produkta ut i marknaden og hente ut meirverdi. Med det er det også starta å få ut informasjon og bygge omdømme for berekraftig husdydrift. Auka antal kyr av bevaringsverdige raser blir det viktigaste resultatet av prosjektet på sikt.
Vi har kartlagt mulege leveransar mest frå produsentar i Midtnorge og Østlandet, men også Nord-Vest-Sør gjennom kontakt med ein og ein. Deltatt på årsmøter i avlslaget for Stn og Norsk Bufe der vi har presentert prosjektet og fått tilbakemeldingar.
Vi har gjennmoført 6 demoar/ forbrukartester på Jacobs butikkane i Oslo, på Meny Levanger og markedsdag på Snåsa . Her fekk me bekrefta hypotesen om at mange av sluttkundane i desse butikkane er opptekne av berekraft, særleg på Jacobs. Grasforing (minst 90 % grovfor/gras på energibasis) er mange der svært opptekne av. Der er også bra etterspørsel etter økologisk kjøtt. Urfe scorer veldig bra på smak på alle demoene.