I 2022 har det vore 11 dødsulukker med traktor involvert. I 2008 var talet 16. Dei seinare åra har vist ei positiv utvikling, før inneverande år gjekk kraftig i feil retning. Dette må det gjerast noko med. Vi har som mål om at ingen av dei som deltar på kurset vi vil utvikle gjennom dette prosjektet blir skuld i alvorlege eller dødelege ulukker med landbruksmaskiner.
Prosjektet skal resultere i eit komplett og verifisert kursopplegg med klasseromkurs for norske bønder, av ein kvalitet og med eit innhald som stimulerer til at eit fleirtal av bøndene etter nokre år har sikra seg eit markant kunnskapsløft. Dette skal medføre færre alvorlege ulukker med traktor, større bevisstheit kring kva som er lovleg og ikkje langs veg, og gjennom det redusert risiko for store og små uønska hendingar ved all bruk av landbruksmaskiner, både på og utanfor veg. Det må vere eit mål at ingen av dei som har gjennomført kurset blir skuld i alvorlege eller dødelege ulukker med landbruksmaskiner.