Prosjektfakta 

ProsjektnummerAgros 310171
Prosjektleder Ola Hammer Langleite
ProsjekteierURFE SA
Samarbeidspartnere 
Prosjektperiode 2026
OrdningNasjonale tilretteleggingsmidler i landbruket (NT)
ProsjekttypeØkt selvforsyning
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
Innvilget362 000 kroner
Resultatrapport Pågår
Prosjektbeskrivelse

Arbeidet byggjer på eit nasjonalt forstudium som har kartlagt produsentmiljø, logistikk, marknad og forbrukarrespons. Prosjektet skal vidare greie ut grunnlaget for ei kommersiell satsing på grasfôra og økologisk kjøtt og mjølk frå bevaringsverdige norske mjølkeferasar. Desse rasane står for ein berekraftig, beitebasert produksjon med høg dyrevelferd og stor kultur- og genressursverdi, men treng sterkare faglege strukturar og betra tilgang til marknaden.

Prosjektet skal kartleggje delar av produsentmiljøet, utvikle kvalitetskrav som kan liggje til grunn for felles bransjekrav, gjennomføre målretta marknadssøk, halde fram med forbrukartestar, greie ut konkrete delar av foredling og råvarelogistikk, vidareføre ressursgrupper og samle verdikjedene til eit nytt arrangement.

Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget om marknad, råvaregrunnlag og samarbeid i verdikjedene, og å vurdere felles bransjekrav for produkt frå landrasar. Prosjektet skal sikre betra lønsemd for produsentane, auka verdiskaping i næringa og byggje etterspurnad etter berekraftige kvalitetsprodukt frå norske landrasar.