Naturmangfaldlova har som føremål å ta vare på naturmangfald gjennom
- berekraftig bruk og vern, og
- sikra ei samordna forvaltning av all natur i Noreg
Loven er sektorovergripande, som vil seia at han gjeld for mange delar av samfunnet, og verkar saman med andre lovverk. Under følgjer beskriving av enkelte delar av naturmangfaldlova det kan vera spesielt viktig å ha kjennskap til for landbruksnæringa og andre som føresegnene måtte gjelda for.
Alminnelege føresegner om berekraftig bruk
I naturmangfaldlova blir det nemnt fleire viktige punkt for ivaretaking av naturmangfaldet (jf. § 6, 9, 12 og 13).
Det står mellom anna at
- ein skal opptre aktsamt og gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfald i strid med måla i §§ 4 og 5
- det skal takast sikte på å unngå vesentleg skade på naturmangfaldet
- det skal takast sikte på å bruka driftsmetodar og teknikkar som unngår eller avgrensar skade på naturmangfaldet
- det kan fastsetjast retningsgivande kvalitetsnormer for naturmangfaldet (til dømes førekomst eller utbreiing av ein art eller økologisk tilstand av ein naturtype)
Eit døme på område desse føresegnene er tekne i bruk er i Skogbrukslova (jf. §§ 4-8 og §13). Der blir det vist til at ein ved forvaltning, registrering, forynging og stell, vegbygging og hogst av skogressursane i Noreg etter beste evne, skal ta vare på miljøverdiane ved utføring av alminneleg skogbruksforvaltning og skogdrift.
Vassdirektivet
I naturmangfaldlova (jf. § 26a) blir det referert til fastsetjing av nødvendige forskrifter, for rammer for felleskapstiltak for vasspolitikk (vassdirektivet). Dette er fastsett i forskrift om rammer for vannforvaltningen (vannforskriften). Se også avrenning og vannmiljø.
Prioriterte artar
Somme artar er ført opp som prioriterte artar etter eiga forskrift.
Dette er artar som
- har ein bestandssituasjon eller bestandsutvikling som strir med naturmangfaldlova (jf. § 5 første ledd)
- har ein vesentleg del av den naturlege utbreiinga si eller genetiske særtrekk i Noreg, eller
- det er internasjonale forpliktingar knytte til arten
Eksempel på prioriterte artar med eiga forskrift som fell under sektoransvaret i landbruket er honningblom (Herminium monorchis), som veks i rikmyr og på fuktige, kalkrike slåtte- og beitemarker på Austlandet (Artsdatabanken 2010), og rød skogfrue (Cephalanthera rubra), som veks i kalkfuruskog (Artsdatabanken 2010), også den på Austlandet.
Utvalde naturtypar
Det finst ei eiga forskrift om utvalde naturtypar etter naturmangfoldlovaen.
Føremålet med forskrifta er å
- ta vare på mangfaldet av naturtypar innanfor deira naturlege utbreiingsområde og artsmangfaldet og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar kvar enkelt naturtype (jf. naturmangfoldloven § 4).
Døme på utvalde naturtypar i jordbrukslandskapet er slåttemark, slåttemyr, kystlynghei og hole eiker.
Framande organismar
Forskrift om fremmede organismer har som formål å
- hindra innførsel, utsetjing og spreiing av framand organismar som medfører, eller kan medføra, uheldige følgjer for naturmangfaldet.
Forskrifta fastset
- kva artar som er forbodne
- krav om løyve av artar som ikkje omhandlar forbodet
- kva unntak som gjeld for kravet til løyve ved innførsel og utsetjing.
Forskrifta stiller også krav til aktsemd, verksemder og tiltak som kan medføra spreiing av framande organismar.
Forskrifta gjeld ikkje framstilling av genmodifiserte organismar som blir regulerte av genteknologilova, innførsel av dei vanlegaste husdyrartane (sjå forskriftas § 3, pkt. 2 bokstav h) eller innførsel og utsetjing av tamrein (sjå forskriftas § 3, pkt. 2, bokstav i). Utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål (sjå forskriftas § 3 pkt. 2, bokstav a) er heller ikkje gjeldande for denne forskrifta, men er regulert under eiga forskrift (forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål).
Verneområde
I Noreg har me fleire ulike former for områdevern. Verneområde blir fastsette ved forskrift av Kongen i statsråd etter måla som er lista opp i naturmangfoldloven (jf. § 35, bokstav a) til h)). Du kan lesa meir om forskrifter om verneområde og dei ulike formene for vern i naturmangfoldloven §§ 34 til 39.