Pengane på skogfondskontoen følgjer skogeigedomen og tilhøyrer skogeigar. Skogeigar har ikkje krav på renter av dei pengane som står på skogfondskontoen. Renteinntektene frå skogfondet blir fordelte mellom kommunane, statsforvaltarane, Landbruksdirektoratet, skogeigarandelslaga og Norskog. Rentemidlane blir i hovudsak brukte til fellestiltak i skogbruket etter nærare reglar, gitt i forskrift om skogfond o.a. § 14. I tillegg blir ein del av rentemidlane brukt til administrasjon av skogfondsordninga.
Fordeling av rentemidlar
Rentemidlane frå skogfond blir brukte til føremål som skal kome fellesskapen i skogbruket til gode. Rentemidlane blir opptente i kommunane. Behaldninga og oppteninga av rentemidlar avheng av kor mykje skogfond som er inneståande gjennom året. Regelverket gir heimel til å trekkje inn eller overføre delar av dei opptente midlane til andre organ. Overføringane til statsforvaltarembeta og Landbruksdirektoratet går til føremål av regional eller nasjonal karakter. Det kan òg overførast midlar til skogeigarandelslag og andre som driv aktiv, skogfagleg rettleiingsverksemd retta mot skogeigarar.
Fordeling av rentemidlar har dei seinare åra vore gjort etter følgjande nøkkel:
- 29 prosent av opptente rentemidlar blir trekte inn til det/dei lokale skogeigarandelslaga
- 14 - 20 prosent av opptente rentemidlar blir trekte inn til statsforvaltarembeta.
- 22 prosent av opptente rentemidlar blir trekte inn til Landbruksdirektoratet, og Norskog får eit beløp tilsvarande 10 prosent av det skogeigarandelslaga får.
- 30 – 35 prosent av opptente rentemidlar går til kommunane. (For kommunar med minst opptening til dette vil vere noko høgare, opp til omtrent 55 prosent.)
Kommunale rentemidlar
Kommunen forvaltar dei lokale rentemidlane. Kvart år utarbeider kvar enkelt kommune forslag til budsjett, for neste års bruk av dei lokale rentemidlane. Midlane skal brukast til dei formåla som er beskrivne i forskrift om skogfond o.a. § 14, og berre i samsvar med godkjent budsjett. Budsjetteringa og godkjenning av budsjetta skal skje i fagsystemet ØKS. Fylkesmennene godkjenner budsjetta til kommunane. Når budsjettet er godkjent, kan kommunane bruke av ramma. Såframt ikkje anna er angitt frå fylkesmannen, står kommunen fritt til å omdisponere innanfor godkjend ramme. Større endringar krev ny budsjettbehandling.
Her kan du søkje om kommunale rentemidlar frå skogfond
Fylkesvise rentemidlar
Statsforvaltaren forvaltar dei regionale rentemidlane. Kvart år utarbeider kvart enkelt statsforvaltarembete forslag til budsjett, for neste års bruk av dei regionale rentemidlane. Midlane skal brukast til dei formåla som er beskrivne i forskrift om skogfond o.a. § 14, og berre i samsvar med godkjent budsjett. Budsjettering og godkjenning av budsjetta skal skje i fagsystemet ØKS. Landbruksdirektoratet godkjenner budsjetta frå statsforvaltarembeta. Når budsjettet er godkjent, kan Statsforvaltaren bruka av ramma. Dersom ikkje anna er angitt frå Landbruksdirektoratet, står Statsforvaltaren fritt til å omdisponere innanfor godkjend ramme. Større endringar krev ny budsjetthandsaming.
Her kan du søkje om fylkesvise rentemidlar frå skogfond
Nasjonale rentemidlar
Landbruksdirektoratet forvaltar dei nasjonale rentemidlane. Rentemidlane blir mellom anna brukte til forvaltning av skogfondsordninga, og ein del lysast ut som midlar til tiltak på nasjonalt nivå.
Kor stor del som blir sett av til utlysing blir avgjort i samråd med rentemiddelutvalet, som også gir overordna føringar for prioritering av søknadar. Dei føremåla som rentemidlane kan brukast til kjem fram avforskrift om skogfond o.a. § 14. Det er Landbruksdirektoratet som handsamar søknadar om nasjonale rentemidlar av skogfond.
Skogeigarandelslag som driv aktiv skogfagleg rettleiing
Etter forskrift om skogfond o.a., §14, femte ledd og i delegasjon frå Landbruks- og matdepartementet (LMD), 02.04.2013 kan Landbruksdirektoratet bestemme at det kvart år skal overførast ein viss del av rentemidlane til skogeigarandelslaga eller andre som driv aktiv skogfagleg rettleiing til skogeigarar.
Rentemidlar som blir overførte til skogeigarandelslaga og Norskog skal nyttast i samsvar med retningslinene i Tildeling av midlar til skogeigarandelslag og andre som driv aktiv rettleiing av skogeigar etter forskrift om skogfond o.a., §14, 5. ledd. Andelslaga og Norskog skal rapportera bruken av midlane på Rapporteringsskjema over bruk av rentemidlar jamfør forskrift om skogfond o.a. § 14 femte ledd.
Her kan du søkje om nasjonale rentemidlar frå skogfond