Til hovedinnhold

Ønsker du å søke på innhold for landbruket?

Gå tilbake og velg fanen «Landbruket» øverst til høyre på siden og søk derfra.

Rettleiar for utarbeiding av kommunal jordvernstrategi

4. Innhenting og samanstilling av kunnskap

Arbeidet med strategien krev innhenting av kunnskap om jordbruksareala til kommunen. Mykje kunnskap finst allereie i publiserte kartlag og statistikk. For annan kunnskap kan det vere nødvendig å gjere eit grundigare kartleggingsarbeid. Kommunen må sjølv vurdere kva kunnskapsgrunnlag som er nødvendig for å fastsette mål og tiltak i strategien. 
Under er ei oversikt over verktøy som kan bli brukt for å innhente kunnskap for samanstilling til strategien. Kommunen må sjølv vurdere korleis kunnskapen skal bli samanlikna og vist. ­­

Verktøy

NIBIOs arealrapport – eit verktøy for å generere ein rapport med kart og arealtal for ulike tema, under dette til dømes areal av dyrka og dyrkbar jord, skog og myr.

NIBIOs arealbarometer – viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Kommunevis og fylkesvis. 

NIBIOs jordsmonnkart – for areal som er jordsmonnkartlagde er det kartlag som deler jordbruksareala inn i tre klassar etter jordeigenskapar som er viktige for den agronomiske bruken av jorda. 

NIBIOs kartlag om jordbruksareal som kan vere ute av drift – kartlaget baserer seg på om det er betalt ut produksjonstilskot på arealet eller ikkje. Slike areal kan vere ute av drift. 

SSBs KOSTRA – KOSTRA står for kommune-stat-rapportering. I Statistisk sentralbyrås (SSB) statistikkbank ligg det kommunevis statistikk på omdisponering av dyrka og dyrkbar jord tilbake til 2005. 

I tillegg til informasjon som finst i sentrale databasar, vil det vere verdifullt å innhenta kunnskap lokalt. Det vere seg frå bønder eller frå andre som har arbeidet sitt i tilknyting til jordbruket. Det kan vere nyttig å bruke ressursgruppa i dette arbeidet. 

Til toppen AI-powered search

KI søk