Til hovedinnhold

Rettleiar for utarbeiding av kommunal jordvernstrategi

2. Innhaldet i strategien

Ein kommunal jordvernsstrategi bør gjere greie for korleis den nasjonale, og eventuelt regionale, jordvernsstrategien skal bli følgt opp lokalt i kommunen. Strategien bør fastsette ambisjonsnivået i arbeidet med jordvern, mellom anna ved å definere eit mål for maksimal årleg omdisponering av jordbruksareal. Strategien bør også vise status og utviklingstrekk, og dessutan påpeike viktige utfordringar i det kommunale jordvernsarbeidet. Ikkje minst bør den vise korleis det skal bli arbeidd med utvalde tema for å styrke jordvernet.

2.1 Nasjonale og regionale føringar for jordvern 

Kommunal planlegging skal ivareta nasjonale og regionale føringar og balansere desse med lokale mål. Som eit utgangspunkt bør den kommunale jordvernsstrategien difor kort gjere greie for nasjonale og eventuelt regionale føringar for jordvern. Dette vil vere med på å legge grunnlaget for mål og tiltak i strategien elles. Her kan du lese meir om nasjonale mål og føringar for jordvern.

Her kan det også vere aktuelt å vise til FNs berekraftsmål og eventuelle målsettingar som kommunen sjølv har sett. 
 

2.2 Status og utviklingstrekk for jordbruksareala i kommunen 

Som eit grunnlag for å sette mål for utviklinga av jordbruksarealet til kommunen, er det viktig å ha god oversikt over dagens status for areala, og dessutan for utviklinga over tid. Strategien kan til dømes vise: 

  • Kor stor del av kommunearealet som er jordbruksareal. 
  • Kor areala ligg i forhold til busetnad og eventuelle pressområde for framtidig utvikling.
  • Fordeling av kvalitet på jordbruksareal. Dette kan gjerne bli framstilt både grafisk og i kart. 
  • Historisk utvikling for omdisponering av jordbruksareal i kommunen. Gjerne fordelt på arealformål og også i kart. 
  • Areal som har gått ut av drift. 
  • Jordbruksareal som er sett av til utbyggingsføremål i kommuneplanens arealdel, men som ikkje er regulert i reguleringsplan. 
  • Jordbruksareal regulert til nedbygging i reguleringsplan, men der planen ikkje er realisert. 
  • Landbruksproduksjon og verdiskaping: Kva blir dyrka på areala, kva er produksjonspotensialet og korleis bidrar landbruket til verdiskaping og arbeidsplassar i kommunen?  

2.3 Mål for jordvernet i kommunen

Det bør bli formulert målbare mål for jordvernet i kommunen. Dette kan bli formulert som ein visjon for jordbruksareala i kommunen eller som eit mål for framtidig omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.

Tønsberg kommune har i jordvernsstrategien sin sett eit hovudmål for jordvernet:

«Vi skal jobbe for å øke arealer til matproduksjon og samtidig ha nullvisjon for nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.»

Målet bør bli følgt opp med delmål. Delmåla skal bidra til å oppfylla hovudmålet. Sjå tekstboks for døme frå Tønsberg kommune.

Eksempel på delmål

1. I neste kommuneplanperiode skal dyrka og dyrkbar jord som hovedregel ikke omdisponeres til boligbygging gjennom kommuneplan, reguleringsplan eller enkeltvedtak (dispensasjon).

2. Å ta i bruk dyrka og dyrkbar jord til samferdselstiltak, næring og offentlige formål skal være siste utvei. Det skal utarbeides flere alternative plasseringer, og de økonomiske konsekvensene knyttet til erverv av tomt skal ikke være styrende.

3. Ny utbygging skal i hovedsak skje gjennom fortetting, transformasjon og mer effektiv bruk av arealer innenfor allerede etablert senterstruktur.

4. Det skal vurderes om dyrka eller dyrkbar jord, som er avsatt til utbyggingsformål, kan utgå eller utveksles med annet areal.

5. Utbyggingsreserver som ligger på dyrka og dyrkbar jord innenfor langsiktig utviklingsgrense bør i neste kommuneplanrevisjon forbli LNF-formål og vurderes tatt ut av framtidig utbyggingsreserve.

6. Bygninger og veier i landbruket skal i utgangspunktet ikke legges på dyrka eller dyrkbar jord. Ved fradelinger av gårdstun skal en unngå at dyrka jord deles fra.

7. Ved opphør av drift i veksthus, tidligere ridebaner og falleferdig gårdsbebyggelse etablert på dyrka jord, skal anlegg rives og arealer tilbakeføres til matjord. Det samme gjelder ved omlegging av veier og jernbane.

Plan for vern av matjord og dyrkbar mark, Tønsberg kommune

2.4 Moglege tiltak og verkemiddel for jordvernet

Tiltak og verkemiddel for å ivareta jordvernet må bli tilpassa etter kvar enkelt kommunes utfordringsbilete. I presskommunar kan det handla om å utnytta allereie utbygd areal på ein meir effektiv måte, medan det for andre kommunar kan handla om å bidra til at areal som har gått ut av drift blir drive igjen.

Moglege tiltak kan til dømes vere:

  • Ved rullering av kommuneplanens arealdel kan det bli gitt føresegner som gir auka utnytting av areal som allereie er tatt i bruk, under dette til dømes:
    • Auka utnyttingsgrad.
    • Auka byggehøgder.
    • Krav om parkering under bakken eller maksimumskrav til parkering.

Kommunen kan også revidere allereie godkjente reguleringsplanar.

  • Det kan bli gitt retningslinjer om at realistiske alternativ til nedbygging av jordbruksareal alltid må bli vurdert før dyrka eller dyrkbar jord blir omdisponert.
  • Sørge for at landbruksfagleg kompetanse alltid blir involvert i arealplanar som har følger for areal av dyrka eller dyrkbar jord.
  • Kommunen kan kartlegge jordbruksareala sine etter metodikken for kjerneområde landbruk. Anten som ein del av prosessen med jordvernsstrategi eller som ein oppfølging av han. Kjerneområde landbruk kan danna grunnlag for omsynssoner i rullering av kommuneplanens arealdel.
  • Gå gjennom kommuneplanens arealdel for å vurdere om areal tidlegare avsett til utbygging kan tilbakeførast til landbruk. Dette kan til dømes skje gjennom analysar i GISLINE med etterfølgande kartfesting. Sjå til dømes Karmøy kommunes jordvernstrategi.  

Fant du det du lette etter?