Til hovedinnhold

Rettleiar for utarbeiding av kommunal jordvernstrategi

Innhold på siden:

5. Vedtak og oppfølging

Den kommunale jordvernsstrategien bør bli vedtatt politisk både i utval og av kommunestyret. Dette er viktig for å sikre den endelege politiske forankringa av strategien.

Ein kommunal jordvernsstrategi vil ikkje vere eit juridisk bindande dokument. Uansett om han er vedtatt som kommunedelplan eller temaplan, som eit eige strategidokument eller som ein del av kommuneplanen sin samfunnsdel, må tiltaka i strategien bli forankra gjennom juridisk bindande arealplanar, handlingsplanar og budsjett.

Fant du det du lette etter?