Dei viktigaste endringane
Strengare krav til spreieareal
Det blir frå 1.1.2027 strengare grenser for kor mykje fosfor du kan spreie per dekar, og fosfor frå mineralgjødsel må reknast inn. Du kan velje å føre rekneskap over at fosforstraumane inn til og ut frå føretaket er i balanse i staden for å følgje dei nye grensene.
Fram til 1.1.2027 kan du bruke 3,5 kg P/daa. Det er nye faktorar for mengdene fosfor som blir slepte ut frå dyr av ulike slag.
Det er unntak for vekstar med høge krav til tilførsel av fosfor (potet, grønsaker).
Kortare spreieperiode
Tidlegare kunne du spreie organisk gjødsel i perioden 15. februar til 1. september (utan nedmolding) eller 1. november (med nedmolding). No blir det ulike krav i ulike deler av landet. Ein må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing. Les meir om kva som gjeld for deg.
Nytt krav om gjødslingsjournal
I tillegg til gjødslingsplan, må du no føre journal som viser faktisk bruk av gjødselvarene gjennom vekstsesongen. Du må også rapportere om du bortskaffar meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år, til dømes om du leverer til ein nabo eller til eit biogassanlegg.
Kor og for kva gjeld forskrifta
Forskrifta gjeld bruk av alle gjødselvarar, inkludert mineralgjødsel. Den gjeld i tillegg lagring av organiske gjødselvarer som husdyrgjødsel, biorest og avløpsslam, og lagring av fôr på bakken. Den gjeld også nokre forureiningskjelder frå jordbruksdrift som vaskevatn, planterestar og silopressaft.
Forskrifta gjeld ikkje bruk av gjødselvarar i skog eller utmark. Den gjeld heller ikkje bruk i private hagar, skulegardar, eller leikeplassar, men når slike område vert etablert eller reetablert gjeld føresegnene i forskrifta likevel.