Jordprøver
Jordprøver gir viktig informasjon om næringstilstanden i jorda. Du treng jordprøver for å lage gjødslingsplan og for å oppfylle fleire andre krav i forskrifta. Analyseresultata skal rapporterast inn til eit offentleg register slik at vi kan få betre kunnskap om jordsmonnet.
Korleis skal ein ta jordprøver?
Fram til 1.januar 2030 vil jordprøver tatt før 01.02.2025 vere godkjende så lenge prøvestadene er kartfesta og prøvene har analyseresultat for jordart, pH, fosforinnhald målt som P-AL-verdi og innhald av organisk materiale (moldinnhald). Veit du kva for eit skifte jordprøven er teke på er dette godkjent som kartfesting.
Nye prøver skal følgje desse krava:
- Jordprøver skal vere representative med omsyn til jordvariasjon, storleik og forma på arealet.
- Uttak av jordprøver skal følgje fagleg anerkjende metodar.
- Prøvestadene skal koordinatfestes.
- Prøvene skal analyserast av laboratorium som er akkreditert eller som følgjer eit kvalitetssikringssystem for jordanalysar slik Landbruksdirektoratet bestemmer. Analysen skal slå fast jordart, pH, fosforinnhald målt som P-AL-verdi, og jordas innhald av organisk materiale (moldinnhald).
Det kjem ei oppdatert rettleiing for jordprøvetaking.
Innrapportering av jordprøver
Resultata frå jordprøvene skal rapporterast til eit offentleg register når dette registeret kjem på plass. Det kjem informasjon om dette i god tid før prøvene skal rapporterast inn.