Plan og dokumentasjon
God planlegging gjer at gjødsla kan nyttast på ein god måte. Det er viktig både for økonomien i drifta og for miljøet.
Gjødslingsplan
I 2025 gjeld dei same reglane som tidlegare, sjå forskrift om gjødslingsplanlegging. Frå og med 2026 gjeld desse krava:
Alle som disponerer og gjødslar meir enn 25 daa per år, skal ha gjødslingsplan. Dyrkar du potet eller grønsaker som blir gjødsla med meir fosfor enn dei generelle grensene, må du ha gjødslingsplan om arealet er større enn 5 dekar.
Planen skal vere klar før vekstsesongen tek til. Den skal ha eit kart som viser arealinndelinga/skifta. For kvart skifte du disponerer skal planen ha opplysningar om:
- Utstrekning i dekar
- Godkjende jordprøver som ikkje er eldre enn 8 år (ikkje eldre enn 4 år viss du har fosforkrevjande vekstar eller fører rekneskap over fosforbalanse, eller 2 år viss du skal bruke avløpsslam)
- Forgrøde
- Kva vekstar som skal dyrkast i år
- Forventa avlingsnivå per dekar
- Gjødslingsbehov for nitrogen og fosfor per dekar
- Gjødselslag som skal brukast
- Planlagt tilførsel av fosfor- og nitrogen per dekar oppgitt i kilogram (kg)
Når ein skal rekne ut gjødslingsbehovet og velje gjødselslag, skal ein ta utgangspunkt i jordprøvene, forgrøden, type vekst og forventa avlingsnivå.
Det må gå fram av gjødslingsplanen korleis eit eventuelt overskot av husdyrgjødsel, skal handterast.
Om det skjer endringar i løpet av vekstsesongen skal planen oppdaterast.
Om du har ein enkel driftsform, lite variasjon i arealbruken eller ekstensiv driftsform som gjør at gjødslingsbehovet varierer lite på dei ulike skifta fra år til år, kan du ha ein fleirårig plan. Du treng ikkje godkjenning frå kommunen – du må sjølv vurdere om det er naudsynt å lage ny plan kvart år, eller om du kan nytte same planen over fleire år. Døme på dei som kan ha fleirårig plan er frukt- og bærfelt eller einsidig grasproduksjon med mykje varig grasmark. Ekstensiv driftsform kan bla. bety at gjødslinga normalt ikkje er høgare enn 75 % av normgjødslinga.
Gjødseljournal
Alle som bruker gjødselvare skal føre gjødseljournal frå og med 2026. Den skal kunne leggjast fram for kontroll seinast 1. november det året gjødslinga er gjennomført. Gjødseljournalen skal vise:
- kor og når det er gjødsla,
- kva for type og mengde gjødsel som er brukt
- kor mykje fosfor og nitrogen som er tilført kvart areal
- og kor mykje total-nitrogen og total-fosfor som er påført.
Mengd fosfor og nitrogen tilført frå husdyrgjødsel på kvart skifte må vere eit overslag, ut frå dyretal og normtal for fosfor og nitrogen
Det viktigaste for deg som brukar husdyrgjødsel er å notere ned kor mykje (kubikk eller tonn) som er spreidd kor og når, og så gjer du eit beste overslag for innhaldet av fosfor og nitrogen. Innhaldet av fosfor og nitrogen kan varierer mykje, særleg avhengig av omrøring og vassinnblanding for blautgjødsel.
For å gjere overslag må du estimere ut frå normtal og gjødselvolum:
- Rekne ut kor mykje fosfor og nitrogen totalt som er i den oppsamla husdyrgjødsla som tilhøyrer føretaket, ut frå normtala i forskrifta. Bruk fosforkalkulatoren eller tilsvarande, som òg gir fråtrekk for relevant beitetid.
- Rekne ut kor stort volum husdyrgjødsel frå føretaket som blir spreidd totalt på areala til føretaket, ved å estimere fyllvolum i gjødsellagera og kor mykje som blir spreidd i løpet av året.
- Med desse tala kan du rekne ut kor mykje fosfor og nitrogen du i gjennomsnitt har per kubikk av blautgjødsel / gylle med aktuell vassinnblanding i drifta. Denne konsentrasjonen kan bli brukt i gjødseljournalen. I nokre tilfelle kan denne vere rekna ut i gjødslingsplanen.
- For å finne kor mykje fosfor og nitrogen som er spreidd på kvart areal gangar du konsentrasjonen opp med volum som er spreidd på arealet.
Gjødselanalyse kan ikkje bli brukt for å dokumentere at gjødslinga er under grenseverdi for fosfor og nitrogen
Dersom du tek analyser av husdyrgjødsla frå eigen produksjon, kan du ikkje bruke desse for å vurdere om / dokumentere at gjødslinga er under aktuelle grenseverdiar for fosfor og nitrogen, jf. avgrensingar for tilførsle av fosfor og nitrogen. Det er alltid berekninga ut frå normtal som avgjer kor stort spreieareal du må bruke til husdyrgjødsla, uansett kva gjødselanalysane viser.
Du kan likevel bruke tal frå gjødselanalyse til sjølve gjødslingsplanen og til gjødseljournal. Dersom gjødseljournalen er basert på tal frå gjødselanalyse, må du på annan måte vite at du spreier total fosformengd (frå husdyrgjødsel og andre kjelder) på stort nok areal, og at det er rimeleg fordeling av husdyrgjødsla. Sjå rettleiing «Kor mykje gjødsel (fosfor og nitrogen) kan du spreie».
Når du tek imot husdyrgjødsel frå andre (til dømes gylle, grisemøkk eller kyllingmøkk) skal den som leverer gjødsla estimere innhald av fosfor og nitrogen i det aktuelle volumet. Estimeringa gjer ein på tilsvarande måte som omtalt over, ut frå dyretal og volum.
Når du tek imot biogjødsel / biorest frå biogassanlegg skal næringsinnhaldet i gjødsla vere bestemt med analyse. Analyse av biorest kan bli brukt for å dokumentere tilførsle av fosfor og nitrogen.
I nokre tilfelle er det vanskeleg å bruke gjødseljournalen aleine for å vurdere kva som er tilført av fosfor og nitrogen
Ein gjødseljournal viser i utgangspunktet kor mykje fosfor og nitrogen som er brukt på eit areal (skifte), men i nokre tilfelle gir ikkje journalen det rette biletet. Du må difor òg ha oversikt over at du spreier den totale fosformengda (frå husdyrgjødsel og andre kjelder) på stort nok areal, og at det er ei rimeleg fordeling av husdyrgjødsla.
Tilfelle der oversikt over fosfor og areal på føretaket er viktig i tillegg til gjødseljournal:
- Ved blautgjødsel med ulik vassinnblanding er det vanskeleg å vite eksakt kor mykje fosfor og nitrogen som er i husdyrgjødsla.
- Ved bruk av gjødselprøve til gjødslingsplan og gjødseljournal bruker du andre verdiar for fosfor og nitrogen enn det krava i grenseverdiane er knytte til.
Dersom du spreiar fosformengda du disponerer over nok areal (for husdyrgjødsel rekna ut med normtal/fosforkalkulator), og ikkje gjer ei skeivfordeling utan grunngjeving i gjødslingsplanen, vil du halde deg innanfor regelverket. Hugs at det aller viktigaste er at du brukar nok spreieareal til fosforet totalt sett for garden.
Særskilte krav til journalføring for avløpsslambasert gjødselvare og gjødselvarer der bruken er avgrensa av tungmetallinnhaldet
For gjødselvarer der bruken blir avgrensa av tungmetallinnhaldet (dei fleste typar gjødselvarer som ein kjøpar utanfrå, med unntak av mineralgjødsel) skal det i tillegg til punkta i avsnittet over om gjødseljournal komme fram:
- gards- og bruksnummer på eigedomen der gjødsla er brukt
- bruksstaden
- produktkategorien
- tungmetallbegrensninga for gjødselvara
- kor mykje som er brukt per dekar
- spreietidspunkt
For avløpsslambasert gjødsel med særskilte bruksvilkår skal journalen i tillegg vise:
- kva føretak produktet er motteke frå
- handelsnavnet på produktet
- mengd som er motteke
- dato for mottak
- kartskisse som syner areala der produktet er brukt.
Kravet gjeld frå og med 2025.
Rapporteringsplikt når du bortskaffar organisk gjødsel
Om du avhendar eller leverer bort organisk gjødsel som tilsvarar meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år (til dømes når du spreier gjødsel hos andre eller leverer gjødsel til biogassanlegg og ikkje tek att same mengd) må du kunne dokumentere det. Dokumentasjonen skal vise:
- Mengd og type gjødsel
- Mengd totalfosfor (kg)
- Dato det er levert
- Kven gjødsla er levert til
Det vil også bli krav til innrapportering av desse opplysningane til myndigheitane når eit registeret er på plass. Det kjem informasjon i god tid.
Journalføring når du tar imot gjødselvarer (også mineralgjødsel)
Du må føre journal dersom du tar imot gjødsel som tilsvarar meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år. Dette gjeld dersom du til dømes kjøper inn gjødsel, tek imot avløpsslam, tek i mot gjødsel for vidareformidling, eller om du stiller areal til disposisjon for nokon som spreier husdyrgjødsel på areal du disponerer. Journalen må vise:
- Mengd og type gjødsel
- Mengd totalfosfor (kg)
- Dato det er mottatt
- Kven du fekk gjødsla frå
Viss du mottek avløpsslam, må du i tillegg dokumentere innhaldet av plantetilgjengeleg fosfor.
Kravet gjeld frå og med 2026.
Dokumentasjonen kan vere i form av notater digitalt eller på papir. Utskrift av rekneskapet med bilag for kjøp av mineralgjødsel inneheld som regel informasjon som er naudsynt for journalføringa for mineralgjødsel, med unntak av mengd totalfosfor.
Krav til oppbevaring av planar og journalar
Du skal kunne legge fram gjødslingsplan og gjødseljournal for kontroll i 5 år. Det vil seie at ein plan/journal laga for vekstsesongen 2026 må takast vare på fram til utløpet av 2031.
Det same gjeld for journalar/rapportar over gjødselvarar du har motteke eller bortskaffa.
Gjødseljournalar som inneheld informasjon om bruk av gjødselvarer der bruken blir avgrensa av tungmetallinnhaldet (dei fleste typar gjødselvarer som ein kjøpar utanfrå, med unntak av mineralgjødsel), skal kunne leggjast fram for kontroll 10 år etter utløpet av det kalenderåret gjødseljournalen gjeld for.
Dette gjeld også for journalar som inneheld informasjon om bruk av avløpsslambaserte gjødselvarer.
Meldingar til kommunen før og i vekstsesongen
Det er meldeplikt til kommunen dersom du skal:
- føre fosforrekneskap i staden for å følgje dei generelle grensene for fosfor. Meld frå før vekstsesongen tek til.
- bruke avløpsslam. Då må du melde til kommunen minst to veker før første levering.
Du kan sende meldinga per post eller e-post til kommunen. Sjå kommunen si heimeside.