Til hovedinnhold

Rettleiing til gjødselbrukforskrifta

Oppsamling og lagring av gjødsel og fôr på bakken

Det er krav til kor og korleis ein skal samle opp og lagre gjødsel og fôr utandørs. Grunnen til det er at næringsstoff frå fôr og gjødsel kan forureine vassdraga våre. Flaum kan òg frakte med seg rundballar og anna. Tenk på at det framover kan kome hyppigare og større flaumar enn før, og at det er ditt ansvar som gardbrukar at rundballane ikkje hamnar i elva. 

Krav til handtering av husdyrgjødsel ved utandørs husdyrhald    

For å hindre avrenning frå gjødsla, må ein unngå at den samlar seg opp på same stad over lengre tid. Luftegardar, utegard, fôrings-, drikke- og kvileplassar må plasserast i god avstand til vassførekomstar og dreneringssystem slik at det ikkje er fare for forureining. Minst ei gong i vekstsesongen og  om hausten må du fjerne gjødsel som har samla seg på slike plassar. Innretningar må sjåast etter og drikkestasjonar haldast ved like slik at det ikkje oppstår lekkasjer og avrenning. 

Lagring av tørre organiske gjødselvarer direkte på bakken 

Tørr gjødsel med meir enn 25 % tørrstoff, slik som gjødsel frå hest og fjørfe, kan lagrast rett på bakken på stader der den seinare skal brukast. Gjødsla må plasserast slik at overflatevatn ikkje renn inn i haugen, og den kan ikkje liggje på område som kan vere utsette for flaum. Avstanden må vere så stor at det ikkje er fare for ureining av bekk, elv, innsjø eller sjø. Tenk også på at luktproblem skal avgrensast, så ta t.d. omsyn til den framherskande vindretninga.  

Fjørfegjødsel kan lagrast i inntil eitt år. Det same gjeld organiske gjødselvarer som du har motteke frå andre og som er klare til bruk, slik som til dømes avløpsslam. Det betyr at avløpsslam og fjørfegjødsel kan fraktast frå produsenten ut til staden der den skal brukast og bli liggande der over vinteren fram til utkøyring på våren.  

Organisk gjødsel som blir omdanna i lagringsperioden, slik som hestegjødsel og talle, kan lagrast inntil 3 år.  

Krav til lagring av fôr i siloanlegg 

Silopressaft på avvegar utgjer ei stor risiko for vassmiljøet. Siloanlegg for gras og surfôr må difor byggast slik at det ikkje er fare for forureining. Silopressaft skal samlast opp og lagrast på same måte som flytande gjødsel, sjå punktet om krav til utforming av gjødsellager.  

Krav til lagring av fôr i rundballar 

Rundballar kan du lagre direkte på bakken, men ballane kan ikkje liggje i meir enn 3 år. Du kan ikkje lagre rundballane i område utsette for flaum. Det kan sige væske frå rundballane, og plassen dei ligg på må derfor vere i god nok avstand frå bekk, elv, innsjø eller sjø slik at det ikkje er fare for forureining  . Du må legge vekt på terreng- og grunnforhold slik at avrenning vert avgrensa.

Fant du det du lette etter?