Når kan du spreie gjødsel
Krava til spreietidspunkt skal sikre at gjødsla blir teke opp av plantene medan dei er i vekst. Slik hindrar vi avrenning og forureining av vatn, og får best nytte av den verdfulle ressursen gjødsla er.
Dei nye spreiefristane som er lista opp under trer i kraft 1.1.2027. Fram til da gjeld i stor grad dei same reglane som før, med nokre unntak. Sjekk med kommunen din.
Lovleg spreieperiode for organiske gjødselvarer
Spreiing på snødekt eller frossen mark er ikkje tillate.
Spreiefristane for organiske gjødselvarer varierer mellom landsdelane fordi det er ulik lengde på vekstsesongen og ulikt kor utsette vassdraga er for forureining. Spreiefristen for området ditt finn du under. Statsforvaltaren kan sette seinare spreiefristar for utvalde område. Sjekk på statsforvaltaren sine nettsider om det vil gjelde for deg.
Område i nedbørsfelt som drenerer til kyststrekningen frå svenskegrensa til fylkesgrensa mot Agder
- 1. mars til og med 1. september. Du må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing.
- Skal du etablere haustkorn, haustoljevekstar el.l. kan du spreie fram til og med 15. september
Kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå
- 1. mars til og med 1. september. Du må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing.
Troms og Finnmark
- På eng og anna grøde utan nedmolding: 1. mars til 1. september. Du må hauste etter siste spreiing.
- Med nedmolding: 1. mars til og med 1. november.
Resten av landet
- 1. mars til og med 15. september. Du må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing.
Beiting gjeld som hausting.
Unntak for dei med for liten lagerkapasitet
Dei som ikkje hadde stor nok lagerkapasitet til å kunne følgje reglane over da forskrifta tredde i kraft (01.02.2025) kan spreie gjødselvarer utan nedmolding på eng fram til 15. september, og med nedmolding fram til og med 1. november. Denne unntaksregelen gjeld ut 2028.
Om du gjer store endringar i drifta som auker gjødselmengda, inkludert omlegging frå båsfjøs til lausdrift eller installasjon av mjølkerobot eller mjølkestall, gjeld likevel ikkje dette unntaket.
Unntak for silopressaft
Silopressaft kan spreiast fram til 15. september utan at det må haustast eller etablerast plantevekst etterpå.