Dispensasjon
I særlege tilfelle kan statsforvaltaren gi dispensasjon frå føresegnene i forskrifta. Skal du til dømes søkje om utsett spreiefrist, må du sende søknad om dispensasjon til statsforvaltaren. (Tidlegare var det kommunen som kunne avgjere dispensasjonssøknadar om utsett spreiefrist.)
Mattilsynet kan gje dispensasjon frå føresegnene som gjeld avløpsslam og gjødselvarer der bruken er avgrensa av tungmetallinnhald. Då skal søknaden om dispensasjon sendast til dei.
Du kan berre få dispensasjon i særlege tilfelle. Det må derfor vere ein heilt spesiell situasjon som har oppstått, og vere noko du ikkje har rådd med.