Til hovedinnhold

Rettleiing til gjødselbrukforskrifta

Krav til gjødsellager og driftsbygningar

For å hindre forureining av grunn og vassdrag samt  utslepp til luft, er det krav til korleis ein skal samle opp og lagre husdyrgjødsel, biorest, silopressaft og anna næringsrik væske. Krava gjeld jordbruksføretak, dei som er ansvarlege for hestehald eller andre aktivitetar der husdyrgjødsel oppstår.

Krav til plassering av gjødsellager  og driftsbygningar

Driftsbygningar for husdyrhald, lager for husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel må ikkje plasserast på område utsette for flaum. Tenk på at det framover kan kome hyppigare og større flaumar enn før. 
Bygningane skal heller ikkje plasserast så nær bekk, elv, innsjø eller sjø at det gir fare for forureining. 

Gjødsellageret må plasserast slik at det blir teke omsyn til om lukt kan bli til sjenanse for andre i området. Her må ein tenkje på kor i terrenget anlegget blir plassert, kva for vindretning som er rådande og vegetasjon.

Kommunen skal godkjenne plasseringa av nytt gjødsellager etter plan- og bygningslova. 

Krav til lagerkapasitet

Lageret må vere stort nok til å romme husdyrgjødsla fram til den skal spreiast, eller omsetjast på annan måte. Lageret må minst kunne romme gjødselmengda frå åtte månaders produksjon. Merk at kravet til spreietidspunkt er skjerpa inn i den nye forskrifta. Det kan bety at du treng større lagerkapasitet enn før. 

Innovasjon Norge kan støtte bygging av nytt gjødsellager.  

Dersom du ikkje sjølv skal nytte husdyrgjødsla, kan statsforvaltaren gje løyve til at du kan ha lager med mindre enn åtte månaders lagerkapasitet.

Krav til utforming av gjødsellager

Lager for flytande gjødselvarer slik som  blautgjødsel og biorest, skal vere tette, utan lekkasje frå portar, luker, spjeld, kanalar osb. Lageret skal ha sikring slik at det ikkje er fare for helse, arbeidsmiljø og sikkerheit. 

Lager for urin og biorest med mindre enn 25 prosent tørrstoff skal ha dekke som avgrensar utslepp til lufta. Dekket kan vere eit tak, eller eit flytande lag av halm, lecakular el. likn. Dekket må likevel gje naudsynt ventilasjon av farlege gassar. 

Lager for faste organiske gjødselvarer med væskeoverskot skal ha tett botnplate og skjermast med tette kantar. Botnplata skal ha fall til sluk og tett oppsamlingskum for sigevatn frå gjødsla.   Dette sigevatnet må handterast som anna gjødsel. 

Når du utbetrar, utvidar eller byggjer nytt lager som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, må du sørgje for samsvarserklæring om at krava etter gjødselbrukforskrifta og byggtekniske forskrifter er stetta. Ta kontakt med kommunen for rettleiing om dette. 

Krav til oppsamling av husdyrgjødsel og vaskevatn i driftsbygningar  

I driftsbygningar skal husdyrgjødsel samlast opp, slik at det ikkje er fare for forureining.  
Driftsbygningar som blir oppførde eller ombygde om, skal ha oppsamling av vaskevatn slik at det ikkje er fare for forureining. Oppsamla vatn kan førast til gjødsellager eller eigen kum. Merk at dette kravet ikkje gjeld driftsbygningar for innandørs drift på talle der gjødsla blir blanda med strø. 

Særskilte krav for større anlegg til fjørfeavl og svineavl 

I anlegg for svine- og fjørfehald dimensjonerte for 2000 slaktegris, 750 avlspurker, 40 000 fjørfe eller meir, gjeld det strengare krav til lagersystem, teknikkar     og innreiingssystem for å redusere utslepp av ammoniakk (NH3). Les meir i forskrifta.

Fant du det du lette etter?